Spesialkonsulent opplæring i bedrift
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Vil du ha ei viktig rolle i arbeidet med å dokumentere kompetansen til framtidas fagarbeidarar?
Vi søker ein vikar til laget vårt på opplæring i bedrift. Hos oss får du ei viktig administrativ rolle der du er med på å sikre at ungdom og vaksne får dokumentasjonen dei har krav på etter fullført fagopplæring. Du blir ein del av eit fagmiljø med meiningsfulle oppgåver og eit viktig samfunnsoppdrag.
Arbeidsoppgåver I hovedsak vil dine oppgåver vere knytt til administrativ behandling og utferding av dokumentasjon etter gjennomført fagopplæring.
Du vil blant anna jobbe med:
saksbehandle protokollar etter fagprøve
produsere vitnemål og kompetansebevis
bestille trykking av fagbrev
registreringar i høve godkjenning av nye lærebedrifter
registreringar i høve søknad til læreplass
Andre oppgåver kan bli tillagt avhenging av kvalifikasjonar og behov
Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har:
relevant utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring og realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet, men du vil da få tittelen konsulent.
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
god digital kompetanse og evne til å sette deg inn i nye system
Det er ein fordel om du også har:
kjennskap til skoleadministrative system, som Vigo og Visma InSchool
kjennskap til vidaregåande opplæring, særleg fagopplæring
erfaring med saksbehandling i offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar For å trivast og lykkast i stillinga trur vi at du:
er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
trivst med administrative oppgåver og rutinearbeid
klarer å arbeide effektivt, også når det er fleire saker som skal behandlast
liker å samarbeide med andre og er imøtekommande
Vi tilbyr Opplæring i bedrift har det overordna administrative ansvaret for alle lærlinger, lærebedrifter og prøvenemnder, og alt som høyrer inn under desse områda.Du får arbeide saman med våre engasjerte kollegaer i eit sterkt fagmiljø med rom for nytenking. Du kan i stor grad planlegge eigen arbeidskvardag, og vi gir deg moglegheit for kompetanseutvikling.Som ein del av oss får du offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP, og løn etter avtale.
Eit vikariat fram til 31. januar 2028, med moglegheit for forlenging.
Kontorstad i Molde
KontaktinformasjonMålfrid Nesje, Seksjonsleiar opplæring i bedrift , 90640200, malfrid.nesje@mrfylke.no
Hilde Aspås, Næringssjef, 97715135, hilde.aspaas@mrfylke.no
ArbeidsstadJulsundvegen 9
6412 Molde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5182353289
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.11.2026
Om arbeidsgiveren:
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准