岗位大厅/Other/Vi søkjer vikarar til sommaren 2027

HELSE FØRDE HF NORDFJORD SJUKEHUS · 17天前 · 来源 公开招聘平台

Vi søkjer vikarar til sommaren 2027

NO0A2办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer ferievikarar sommaren 2027.
Vi har behov for sjukepleiararstudentar, helsefagarbeidarar/ hjelpepleiarar, medisinstudentar  og assistentar med erfaring i perioden 15.06.2027 - 22.08.2027. 
Sengeposten er ein heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot det meste av den augeblikkelege hjelpa frå regionen. Her får du jobbe med mange forskjellige diagnosar innafor indremedisin, og kan opparbeide deg verdifull erfaring i eit variert og lærerikt fagmiljø.
Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide og ønskja stillingsprosent. Opplæring kan med fordel starte tidligare.

Arbeidsoppgåver Observasjon og måling av vitale parameter
Ivareta pasientane sine grunnleggande behov knytt til pleie, omsorg og aktivitet
Mottak av pasientar og kartlegging av hjelpebehov
Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal (DIPS/MEONA) 
Samarbeid med andre faggrupper på sengeposten
Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten
Todelt turnus (dag/kveld) for helsefagarbeidar og studentar
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Sjukepleiarstudent 
Medisinstudent
Assistent med erfaring fra sjukeheim/sjukehus
Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar Du har motivasjon og er interessert i å bidra til at pasientane får ei best mogeleg oppfølging under innlegginga
Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande
Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar
Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp
Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
Du er fleksibel og engasjert
Vi tilbyr Ein spennande og utfordrande jobb
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

#sommarjobb#sommarjobbnordfjord#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264
ArbeidsstedSjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5201239959
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027

Om arbeidsgiveren:
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

HELSE FØRDE HF NORDFJORD SJUKEHUS

—

NO0A2来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准