Sjukepleiar - fast dagstilling i Valderøy omsorgsdistrikt, heimebasert omsorg
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Vi har ledig fast 100 % dagstilling som sjukepleiar i heimebasert omsorg frå 11.01.2027. Stillinga inngår i 12 vekers turnus med kun dagvakter i vekedagane i tillegg til langvakter på dag/kveld kvar 4. helg. I turnusperioden kan det vere mogeleg med ei veke samanhengande fri.
I denne stillinga vil ein i tillegg til ordinære sjukepleieoppgåver blant anna ha fokus på prosedyrer, fag og utvikling i nært samarbeid med avdelingsleiar. Ein vil også ha eit tett samarbeid med korttidsavdlingar, tildelingskontor, velferdsteknikar, ergoterapeut, fysioterapeut og kvardagsrehabiliteringsteam.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Legg ved dokumentasjon på utdanning og praksis i søknaden.
Arbeidsoppgåver Ha ein koordinerande funksjon med fokus på prosedyre, fag og utvikling, og sikre gode overgangar mellom korttidsavdeling, sjukehus og heimebasert omsorg.
Medansvarleg for dagleg vaktinnleige.
Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
Bidra til eit godt omdømme.
Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar.
Erfaring frå stilling i heimeteneste
Ønskelig med erfaring frå koordinering av oppgåver i heimetenesta
God digital kompetanse og beherske velferdsteknologiske løsingar som arbeidsverktøy og fagsystem.
God rettleiarkompetanse.
Førarkort for bil.
Svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar Stabil og trygg med god arbeidskapasitet.
Positiv, innovativ, fleksibel og løysingsorientert.
Særs gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Lojal og omsorgsfull.
Vi tilbyr Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabilitering, kortidspasientar, langtidspasientar og i heimebasert omsorg.
Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, men du er sikra løn tilsvarande stigen med 16 års ansiennitet.
KontaktinformasjonJanita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535
Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314
ArbeidsstadValderøya
6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5200838437
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2026
Om arbeidsgiveren:
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准