岗位大厅/Other/Miljøterapeut/helsefagarbeidar i Victoriahagen

(未知名) · 15天前 · 来源 公开招聘平台

Miljøterapeut/helsefagarbeidar i Victoriahagen

NO0A2办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Vil du ha ein jobb der du får vere tett på menneske og gjere ein positiv forskjell i kvardagen deira?  Victoriahagen er ein del av Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune. Me gir tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov, og arbeider for å skape trygge, meiningsfulle og utviklande kvardagar for den enkelte.   No søkjer me fleire nye kollegaer som ønskjer å vere med på laget vårt til stillingane som er ledig frå dags dato:   
Fast tilsetjing:
1 x 70 % miljøterapeut 
1 x 65,7 % nattevakt
1 x 84,51 % nattevakt 
Turnusordninga for miljøterapeut inneber 13 timars vakter i kombinasjon med korte kveldsvakter. For nattevaktene vil det vere 10-timars vakter. Oppstart etter avtale. 
Korleis er det å jobbe i Victoriahagen?   Hjå oss blir du del av eit fagmiljø som arbeider målretta for å gi gode tenester og auka livskvalitet til brukarane våre. Me legg vekt på relasjonar, meistring, aktivitet og individtilpassa oppfølging. 
Me ynskjer å gi deg en best mogleg start hjå oss, og du vil difor få ein eigen mentor det fyste året ditt i stillinga.
Målet vårt er å ha eit lag som samarbeider tett, støttar kvarandre og deler kunnskap og erfaringar. Samtidig får du stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra med eigne idéar.  Arbeidsoppgåver: Arbeidsoppgåvene vil variere noko mellom stillingane, men kan mellom anna omfatte: 
Målretta miljøarbeid og individuell oppfølging 
Personleg assistanse og praktisk bistand 
Opplæring og rettleiing i dagleglivet 
Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar 
Dokumentasjon og fagleg oppfølging 
Legemiddelhandtering etter kompetanse og fullmakt 
Primærkontakt- og koordinatoroppgåver ved behov 
Aktiv deltaking i fagutvikling og kvalitetsarbeid 
Arbeidet ved nattestillingane omfattar særleg oppfølging og trygging av brukarane gjennom natta samt helsefagoppgåver. 
Kven ser me etter?  For miljøterapeut-stillinga: Du har relevant 3-årig helse-, sosial- eller pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet. 
For nattevaktstillingane må du være autorisert helsefagarbeidar eller 3-årig helsefagleg utdanning.
For alle stillingane ønskjer me at du: 
Er trygg i møte med menneske 
Er sjølvstendig og ansvarsbevisst 
Samarbeider godt med andre 
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø 
Ønskjer å vere med og utvikle tenestene våre 
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. 
Me vil gjerne høyre frå deg så fort som mogleg, ettersom me gjennomfører intervju fortløpande. Me tilbyr: 
Meiningsfulle arbeidsdagar der du ser resultat av arbeidet ditt 
Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer 
Fagleg utvikling og rettleiing 
Varierte arbeidsoppgåver 
Løn etter tariff 
Gode pensjons- og forsikringsordningar 
Gratis overnatting mellom vaktene
Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med kr. 25.000 i året kan vere aktuelt for deg som har bustadadresse og er yrkesaktiv i Sogndal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering.
Sogndal kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller hol i CV-en.  Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det kan bli aktuelt med prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk.  I samsvar med offentleglova kan namnet ditt bli offentleggjort sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følgje, vil du bli varsla før søkjarlista blir offentleggjord. 
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren:
Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

(未知名)

—

NO0A2来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准