Produksjonsarbeidar
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Er du handverkskyndig, nøyaktig og klar for å gje kundane våre draumekjøkkenet sitt?
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som er stolt av jobben du gjer og som ønskjer å vere ein del av eit lag der alle bidreg til sluttresultatet.
Har praktisk bakgrunn og interesse for faget
Er nøyaktig og tek ansvar for kvaliteten på arbeidet ditt
Ønskjer å lære og utvikle deg
Bidreg godt i arbeidsmiljøet
Gjerne har erfaring frå trevareproduksjon, møbelproduksjon eller CNC
Arbeidsoppgaver
Som produksjonsarbeidar blir du ein del av laget som produserer våre skreddarsydde kjøkken før dei blir leverte til kunden.
Vi ser etter deg som er praktisk anlagt, nøyaktig og likar å skape noko med hendene.
Vi tilbyr
Fast jobb i ei solid og lokal familiebedrift
Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Tenestepensjon og ordna arbeidstid
Varierte arbeidsdagar og gode kollegaer
Høve til å jobbe med skreddarsydde produkt der kvalitet og godt handverk står i sentrum
Om arbeidsgiveren:
Bjarne Espe Trevarefabrikk AS (kjend for Nordfjordkjøkkenet ) i Hjelmelandsdalen er ei tradisjonsrik bedrift med snart 80 års erfaring innan kvalitetshandverk.
Om bedrifta
Etablert: Starta i eit lite verkstad i Hjelmelandsdalen i 1948.
Produksjon: Eigen produksjon, og sel direkte til sluttkunde.
Produkt: Skreddarsydde kjøkken, bad, garderober og vaskerom -- frå klassisk og herskapeleg til supermoderne.
Kjenneteikn: Høg kvalitet, ferdig samansette modular og skreddarsydde løysingar tilpassa kunden sine draumar.
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准