岗位大厅/Other/ID 2495 Sjukepleiarar - Stord sjukeheim

STORD SJUKEHEIM · 15天前 · 来源 公开招聘平台

ID 2495 Sjukepleiarar - Stord sjukeheim

NO0A2办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Ved institusjonane arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonane no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Du som sjukepleiar vil få ei viktig rolle inn i dette arbeidet. Ein viktig del av dette arbeidet er å jobbe mot eige sjukepleiarteam i institusjonane våre. På sikt kan stillinga inngå i sjukepleiarteamet vårt.

Eining for institusjon har ledig faste 100% stillingar for autorisert sjukepleiar ved avd. Knausen/Kringsjå og korttidsavdelinga - Stord sjukeheim

Stillingane er i turnus enten 2 delt turnus dag/kveld og 3. kvar helg eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og kvar 4. helg.

Som Sjukepleiar i våre avdelingar vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar. Du vil få ta del i og ha ansvar for:

Samhandling og tverrfagleg samarbeid

Tiltak, evaluering og dokumentering

Fagprosedyrar, ansvarsoppgåver som sjukepleiar tett samarbeid med lege og spesialisthelsetenesta

Palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.

Legemiddelhandsaming

Delta i fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.

Faste møter og fellesskap med resten av sjukepleiar- og vernepleiargruppa i eininga

Bidra fagleg inn i tilsettgruppa og kunna vegleia kollegaer og andre i faglege vurderingar og oppgåver

Me vil vektlegga:

Personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.

Brukarorientert tilnærming

Evne til å vera nyskapande i arbeidet

Gjerne erfaring frå arbeid innan geriatri

Kvalifikasjonskrav:

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Politiattest:

Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4

Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.

Me kan tilby:

Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø.

Ein stor faggruppe med sjukepleiarar og vernepleiarar som samarbeidar under felles fagansvarleg sjukepleiar i eininga

Godt arbeidsmiljø

Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Offentleg tenestepensjon.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Om arbeidsgiveren:
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

STORD SJUKEHEIM

—

NO0A2来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准