岗位大厅/Other/Vil du gjera ein forskjell når det verkeleg gjeld?

VINDAFJORD KOMMUNE HELSE · 18天前 · 来源 公开招聘平台

Vil du gjera ein forskjell når det verkeleg gjeld?

NO0A1办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Er du klar for å ta del i eit team der du er heilt avgjerande for tryggleiken og helsa til innbyggarane våre - akkurat når dei treng det mest? Me søker deg som ønsker å kombinera faglege utfordringar med ei stilling som gir meining, meistring og moglegheiter.
Da ein av våre tilsette skal ut i svangerskapspermisjon, søker me sjukepleiar til helgestilling i tidsrommet 18.01.2027 til 14.12.2027. Stillinga er 20 %, med arbeid kvar 3. helg, og nokon bevegelige heilagdagar. Ekstravakter vil også vera mogleg.
Kvifor arbeidet betyr noko:
Når folk opplever noko akutt og uventa, er det ofte oss dei møter først. Di evne til å handle raskt, kommunisere klart og vise omsorg kan vera avgjerande for korleis pasientar og pårørande opplever krisa dei står i. Hjå oss får du bruka både hovudet og hjartet, og kvar vakt utgjer ein skilnad.
Kva får du med å jobbe hos oss?
Du vil jobbe i eit engasjert team med både legar og sjukepleiarar der samspel og tillit er grunnlaget for kvardagen. Her får du høve til å utvikla deg vidare innan akuttmedisin og legevaktsarbeid, med støtte og opplæring tilpassa deg og din erfaring. Me er stolte av arbeidsmiljøet vårt – det er prega av fagleg tyngde, rausheit og humor. Det er stor variasjon i arbeidsdagane, noko som krev sjølvstende, raske vurderingar og evne til å halde roen – men også gir mykje tilbake i form av læring og fagleg vekst.
Etne og Vindafjord legevakt er ei interkommunal legevaktordning med base i Vindafjord beredskapssenter, samlokalisert med Ølen legekontor – i nye, moderne og godt utstyrte lokale. Me er totalt 18 fastlegar og 6 sjukepleiarar i turnus.
Du blir ein viktig del av teamet på vakt. Du vil vurdere pasientar, prioritere etter alvorlegheitsgrad, samarbeide tett med lege og legevaktsentral, og vera med på å sikre at pasientar får rett hjelp til rett tid.
Me kan tilby:
Ein meiningsfull jobb der du verkeleg får brukt sjukepleiarfaget
Eit fagmiljø som støttar deg – både i startfasen og vidare
Moglegheit for etter- og vidareutdanning i tråd med kompetanseplan
Tilrettelegging for stipend ved relevant kompetanseutvikling
Gode kollegaer som bryr seg, og eit godt sosialt miljø
Gratis parkering
Tilbod om bedriftskunstlag og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
Offentleg tenestepensjon og gode forsikringsordningar
Lønn etter tariff
Hovudarbeidsoppgåver
Jobbe i team med lege på vakt
Prioritere rett pasient til rett tid
Ta anamnese og vurdera tiltak 
Ivareta pasient og pårørande ved behov
God og kontinuerlig kommunikasjon med legevaktsentralen
Kontrollere og følge opp daglige,veke og månadlege prosedyrar og kontroller
Laboratoriearbeid
Kvalifikasjonar
Du har autorisasjon som sjukepleiar.
Sjukepleiarar med vidareutdanning i akuttsjukepleie eller legevakt er ønskeleg, men ikkje eit krav.
Du må kunne godt norsk, både munnleg og skriftleg, og ha gode engelskkunnskapar. Skriftspråket hjå oss er nynorsk. 
Personlege eigenskapar:
Du har eit godt klinisk blikk, er trygg i vurderingar og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team.
Du handterer stress, kommuniserer godt og møter folk med respekt – også når det hastar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulose før tiltredelse. 
Slik søker du: 
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren:
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.

Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.

Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

VINDAFJORD KOMMUNE HELSE

—

NO0A1来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准