Barnehagelærar/pedagogisk leiar
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Vi søker ein dyktig og engasjert barnehagelærarar/pedagogisk leiar til Herøy kommune. Her får du moglegheita til å vere ein viktig del av barna si utvikling der leik, læring og omsorg går hand i hand.
Vi legg vekt på arbeid med trygt og inkluderande barnehagemiljø, i tillegg til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).Vi driv eit aktivt utviklingsarbeid. Med basis i nasjonal og lokal rammeplan legg vi særskilt vekt på språkutviklinga til barna, og ser dette i ein heilskapleg samanheng med lesing i grunnskulen.
Vi har ledig eit 100 % vikariat som barnehagelærar/pedagogiske leiar i for tida Myrsnipa barnehage i perioden 01.01.2027 - 31.07.2027. Vi ser fram til å motta søknaden din!
Arbeidsoppgåver leie og/eller ta del i arbeidet med å skape gode lærings- og arbeidsmiljø
legge til rette for eit godt samarbeid med foreldra og andre involverte partar i barnehagen
legge til rette for eit utviklande og inkluderande leikemiljø
leie og/eller ta del i pedagogisk utviklingsarbeid
skape gode kvardagar for små og store på di avdeling og heile barnehagen
tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar godkjend utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar
dersom vi ikkje får kvalifisert søkar med kompetansekrav barnehagelærar, kan barne- og ungdomsarbeidar verte vurdert for stillinga
gjerne rettleiingskompetanse
ein trygg og tydeleg leiar som inspirerer både barn og kollega
evne til å skape eit inkluderande og trygt miljø for alle
kunnskap om den autoritative vaksenrolla
kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg
god digital kompetanse
For arbeid i barnehage er det krav om bestått norskprøve i tråd med føringar i Lov om barnehagar § 27.
Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar er engasjert, målretta, fleksibel og lærevillig
tek initiativ til samspel og aktivitet overfor både barn og kollega
ser verdien av tverrfagleg samhandling
god på samhandling og kommunikasjon, i tillegg til at du meistrar å arbeide åleine
ser løysingar på utfordringar
oppteken av å skape ein god kvardag for barna
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar. Den formelle formelle kompetansen og ansienniteten din vert også vektlagt.
Vi tilbyr fagleg utvikling i eigen barnehage og felles i kommunen
eit støttande og positivt arbeidsmiljø
varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
god oppfølging av nytilsette
god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
IA-bedrift
Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
KontaktinformasjonElisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299
ArbeidsstadRådhusgata 7
6090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5198916311
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 13.11.2026
Om arbeidsgiveren:
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准