Sosionom
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
♾️ 神经多样性友好
一般提及口径:本岗 JD 明文承认残障 / RQTH / 神经多样性友好(证据见下),对自闭症、ADHD、阅读障碍人群可用——欧洲法律禁止设「自闭症专属」岗位(法《劳动法》L.1132-1),这里不是「自闭症专属岗位」。
原文证据:…tilpassa spesialisthelsetenesta og eige team for utgreiing av autisme. Dei siste åra har vi hatt særleg fokus på barn og unge med…
职位描述
Klinisk sosionom, fast stilling ved BUP Fana
Er du klinisk sosionom eller sosionom med vidareutdanning og ønsker jobb i eit fagleg sterkt og engasjert miljø? Ved BUP Fana har vi ledig fast stilling frå januar 2027.
Om oss BUP Fana er ein av sju poliklinikkar i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Vi held til sentralt på Nesttun, samlokalisert med BUP Ytrebygda. Opptaksområdet vårt omfattar Austevoll og Fana byområde i Bergen. Poliklinikken har 24 fagårsverk, inkludert tyngdepunktfunksjon for behandling av spiseforstyrringar, Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse og ei stilling knytta til Tverrfagleg helsekartlegging.
Fagmiljø og behandlingstilbod Hos oss møter du engasjerte og erfarne kollegaer. Vi tilbyr mellom anna:IIP-gruppe, FBT-team, traumebehandling med erfarne terapeutar, EFST-grupper tilpassa spesialisthelsetenesta og eige team for utgreiing av autisme.
Dei siste åra har vi hatt særleg fokus på barn og unge med nevroutviklingsforstyrringar, vi har etablert IPS i samarbeid med NAV og arbeider tett opp mot både kommunale tenester og Barnevernsinstitusjonane i opptaksområdet vårt.
Vår tilnærming Vi er opptatt av fagleg kvalitet, effektiv bruk av ressursar og godt samarbeid – både internt og med eksterne aktørar. Vi søker deg som ønsker å bidra inn i tverrfagleg team med spesifikk kompetanse som sosionom og som er engasjert i å finne gode løysingar for spesialisthelsetenesta i møte med aukande behov i befolkninga.
Krav til stillinga Ved tilbod om stilling må du leggje fram tilfredsstillande politiattest i samsvar med helsepersonellova § 20a (arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver Bidra i utgreiing og diagnostisering av barn og unge
Bistå pasientar, føresette og medarbeidarar med informasjon og praktisk hjelp knytta til sosiale rettar og stønadar
Sjølvstendige behandlaroppgåver tilpassa kompetanse
Kvalifikasjonar Godkjent utdanning som sosionom
Erfaring frå spesialisthelsetenesta og/eller arbeid med barn- og unge
Kompetanse innanfor metodane vi allereie jobbar med eller område vi ønsker å utvikle oss på
Vidareutdanning i klinisk sosialt arbeid (klinisk sosionom), relevant mastergrad, vidareutdanning i psykisk helsearbeid, familieterapi eller barnevern
Interesse for og/eller erfaring frå familiearbeid, system og nettverksarbeid eller rusfeltet
Personlege eigenskapar Du har god vurderingsevne og arbeidskapasitet
Evne og vilje til å hjelpe pasientar og samarbeide med kollegaer
Fagleg trygg, nysjerrig og varm i møte med andre
Meistrar norsk skriftleg og munnleg
Vi tilbyr deg Lønn i samsvar med overeinskomst
Eit støttande og godt arbeidsmiljø
Rettleiing, relevante kurs og vidareutdanning med stort rom for fagleg utvikling
Gode system for å ta i mot nytilsette
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonJanne Tømmerbakke, Seksjonsleiar, 92082083
ArbeidsstadØstre Nesttunvegen 20
5221 Nesttun
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5200129507
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准