岗位大厅/Other/Reinhaldar 100 % vikariat

HJELMELAND KOMMUNE VAKTMEISTRAR OG REINHALDARAR · 19天前 · 来源 公开招聘平台

Reinhaldar 100 % vikariat

NO0A1办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Likar du å jobbe med reinhald og bidra til reine og trivelege omgjevnader?Er du nøye og opptatt av å gjere ein god jobb? Då kan det vere deg me ser etter!Me har eit ledig vikariat i  100 % som reinhaldar i perioden 01.01.2027 - 31.10.2027. Me søkjer deg som er dyktig, engasjert og pliktoppfyllande, og som ønskjer å bidra til reine og gode arbeids- og opphaldsmiljø.
Ansvar og arbeidsoppgåver - generelt reinhald av kommunale bygg
Kvalifikasjonar og vilkår - fagbrev som reinhaldsoperatør er eit ønskje, men ikkje eit krav - førarkort klasse B er ønskjeleg - du har ikkje fast oppmøteplass - nivå A1 for norsk skriftleg og nivå B1 for norsk munnleg
Me søkjer etter ein person som - har gode samarbeidsevner- har høyt arbeidstempo- er fleksibel- har evne til å arbeide sjølvstendig og i teamPersonleg eigenskap og erfaring vil bli vektlagt ved tilsetting. 
Me tilbyr - løn etter gjeldande avtaleverk- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale- triveleg arbeidsmiljø- ulike  rekrutteringstiltak , som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsetteI Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 
Politiattest Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess.  Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her .Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk  sikker opplasting på kommunens heimeside . 
 Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren:
Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

HJELMELAND KOMMUNE VAKTMEISTRAR OG REINHALDARAR

—

NO0A1来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准