Kyrkjetenar og vaktmeister -- fast 50 % stilling
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Kyrkjetenar og vaktmeister – fast 50 % stilling Vaksdal kyrkjelege fellesråd søkjer ein praktisk, påliteleg og serviceinnstilt medarbeidar til ei kombinert stilling som kyrkjetenar og vaktmeister.Stillinga er fast og utgjer totalt 50 prosent: 20 prosent som kyrkjetenar i Dale kyrkje og Vaksdal kyrkje
30 prosent som vaktmeister for alle kyrkjebygga i Vaksdal kommune
Arbeidsoppgåver som kyrkjetenar førebu og leggje praktisk til rette for gudstenester, gravferder, vigsler, konsertar og andre arrangement
samarbeide med prestar, organistar, andre tilsette og frivillige
klargjere kyrkjerom og nødvendig utstyr
utføre rydding og anna praktisk arbeid
sjå til at kyrkja er trygg, ryddig og representativ før og etter arrangement
Arbeidet vil delvis vere lagt til kveldar, helger og høgtidsdagar. Arbeidsoppgåver som vaktmeister føre jamleg tilsyn med alle kyrkjebygga i kommunen
utføre mindre reparasjonar og praktisk vedlikehald
følgje opp tekniske anlegg, branntryggleik og internkontroll
melde frå om feil, skadar og behov for større tiltak
samarbeide med kyrkjeverja, eksterne leverandørar og fagfolk
bidra til planlegging og dokumentasjon av vedlikehaldsarbeidet
Kvalifikasjonar Det er ønskjeleg at du: har praktisk eller teknisk erfaring
kan arbeide sjølvstendig og strukturert
er fleksibel og samarbeider godt med andre
møter menneske på ein respektfull og imøtekomande måte
har grunnleggjande digital kompetanse
har førarkort klasse B og disponerer bil
Relevant fagbrev eller erfaring frå byggdrift, vaktmeisterarbeid, kyrkjeleg verksemd eller arrangementsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt. Vi tilbyr ei variert og sjølvstendig stilling
arbeid i kyrkjebygg med stor lokal og kulturhistorisk verdi
samarbeid med engasjerte medarbeidarar og frivillige
løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtale i KA-området
pensjonsordning gjennom KLP
Tilsettingsform: Fast stilling Stillingsstorleik: 50 prosent Arbeidsstad: Dale kyrkje, Vaksdal kyrkje og dei andre kyrkjebygga i Vaksdal kommune Oppstart: Snarast mogleg eller etter avtale Søknadsfrist: 20. november 2026Søknader kan vurderast fortløpande, men endeleg tilsetjing skjer etter at søknadsfristen er gått ut.Kontakt kyrkjeverje Bjart-Magnus Ndogo Rosvold på telefon 97 69 75 62 eller e-post br233@kyrkja.no for meir informasjon om stillinga.Søknad og CV skal sendast til br233@kyrkja.no via "søk på stilling" knappen på denne siden.
Om arbeidsgiveren:
null
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准