岗位大厅/Other/Dagleg leiar/Verdsarvkoordinator

NÆRØYFJORDEN VERDSARVPARK STI · 16天前 · 来源 公开招聘平台

Dagleg leiar/Verdsarvkoordinator

NO0A2办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Vestnorsk fjordlandskap vert rekna som eit av dei mest dramatiske og spektakulære landskapa i verda, med nokre av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane. Det storslåtte landskapet har trollbunde besøkande til alle tider.

Hva vi ser etter
Personlege eigenskapar

Du er ein tydeleg og motiverande leiar

Du er utviklingsorientert og ser moglegheiter

Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar

Du arbeider strukturert og sjølvstendig

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Arbeidsoppgaver
Som dagleg leiar og verdsarvkoordinator får du det overordna ansvaret for drift og utvikling av verdsarvparken. Du vil spele ei sentral rolle i å følgje opp parkplan og strategiar, og i å utvikle gode samarbeid med partnarar og aktørar i regionen.

Stillinga inneber tett dialog med styret, samarbeidspartnarar og offentlege myndigheiter, og krev både strategisk og operativt arbeid.

Arbeidsoppgåver

Leiing av den daglege drifta av verdsarvparken

Oppfølging og vidareutvikling av parkplan og strategiar

Personalansvar for tilsette og prosjektmedarbeidarar

Budsjettansvar og økonomistyring

Byggje og vidareutvikle samarbeid med kommunar, verksemder, organisasjonar, grunneigarar og lokalsamfunn

Søkje finansiering og forvalte tilskotsmidlar

Synleggjere verdsarvparken gjennom formidling, kommunikasjon og profilering

Arbeide for berekraftig verdiskaping basert på natur- og kulturarv

Samarbeid med stiftingar og Norges verdensarv

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning

Erfaring med samarbeid og nettverksbygging

God forståing for samspelet mellom vern, næringsutvikling og lokalsamfunn

Gode leiareigenskapar og god økonomiforståing

God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Det er ein fordel med:

Kjennskap til offentleg forvaltning og tilskotsordningar

Erfaring med søknadsarbeid og finansiering

Kjennskap til regionen og verdsarvområdet

Vi tilbyr
Vi tilbyr

Ei spennande og meiningsfull leiarstilling i eit internasjonalt verdsarvområde

Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom vern og utvikling

Moglegheit til å påverke utviklinga av lokalsamfunn og næringsliv i regionen

Eit engasjert fagmiljø og breitt samarbeid med regionale aktørar

Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale

Om arbeidsgiveren:
Nærøyfjorden Verdsarvpark vart skipa som ei stifting i 2008. Føremålet er å drive samfunns- og næringsutvikling. Utviklingsarbeid, skjøtsel og restaurering bidreg til å ivareta verdsarven og lokal kultur. Verdsarvparken skal vera eit fyrtårn og ein pådrivar med verdsarv som kvalitetsplattform.

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

NÆRØYFJORDEN VERDSARVPARK STI

—

NO0A2来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准