Sjåfør dagsenter - 50 % fast
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Bjørnafjorden kommune har ledig 50 % stilling som sjåfør for transport til dagsenter. Stillinga er ledig frå 01.01.2027 med arbeidstid frå kl. 08.00 - 10.00 og 14.15 - 16.00.
Nyhagen dagsenter og Oshaugen dagsenter gir dagtilbod til personar med kognitiv svikt/demenssjukdom og dagtilbod til heimebuande eldre.
Nyhagen dagsenter er eit sosialt aktivitetstilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt/demenssjukdom. Hos oss står meistring og trivsel i fokus. Målet er at alle skal få brukt evnene sine, ha ein meiningsfull kvardag og jobbe mot same mål. Dagsenteret ligg på Luranetunet i Os. Oshaugen dagsenter er eit sosialt aktivitetstilbod for heimebuande eldre. Hos oss står meistring og trivsel i fokus. Målet er at alle skal få brukt evnene sine, ha ein meiningsfull kvardag og jobbe mot same mål. Vi held til i Oshaugen 1.
Arbeidsoppgåver
Transport frå heimen og til dagsenter
Andre kjøreoppdrag kan forekomme
Jevnleg reinhald av bilen
Kvalifikasjonar
Sertifikat kl. B
God i munnleg norsk
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Evne til å jobbe sjølvstendig
God evne til å kommunisere med andre
Vere interessert i å skape gode relasjonar
Evne til samarbeid
Utåtvendt
Lojal
Ansvarsfull
Godt humør
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren:
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准