岗位大厅/Other/Tilkallingsvikar oppvekst

AURLAND SKULEFRITIDSORDNING · 23天前 · 来源 公开招聘平台

Tilkallingsvikar oppvekst

NO0A2办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Om stillinga Me ynskjer fleire tilkallingsvikarar i kommunalområde oppvekst. 
Skriv gjerne i søknaden kva avdeling, sjå under, du ynskjer å jobbe i. 
Aurland barnehage er ein funksjonell og moderne barnehage. Barnehagen ligg fint til nær til bibliotek, grunnskule, fleirbrukshall og fine turområde. 
Flåm barnehage ligg fint til på Lunden, med gode moglegheiter til å bruke naturen omkring. 
Flåm skule er ein fådelt 1-4 skule som ligg flott til nedst i Flåmsdalen med Flåmsbana som god nabo. Elevane kjem frå Gudvangen, Undredal og Flåm.
Aurland barne- og ungdomsskule (Abu) har elevar frå 1. til 10. klassetrinn. Skulen ligg sentralt til og har god tilgang på ulike idrettsanlegg, natur og lokale samarbeidspartnarar. 
Aurland kulturskule er lokalisert i  Aurland idretts- og samfunnshus (AIS) og ved Flåm skule. Vi tilbyr undervisning i musikkfag (for tida grunnopplæring, gitar, bass, piano, slagverk og vokal), dans og biletkunst. 
Aurland folkebibliotek har fine lokale i første etasje ved Aurland barne- og ungdomsskule. Biblioteket er ope 5 dagar i veka, og her må ein vere innstilt på å yte god sørvis og ha interesse av og/eller kompetanse på litteratur. Digitale ferdigheiter og gode samarbeidsevner er viktig. 
Aurland fritidsklubb held til i store lokale like ved AIS. Klubben er open tysdag, onsdag og fredag, og har tilbod for 5.trinn til 18 år. Her er det viktig å vere ein trygg rollemodell for ungdomane våre som tek ansvar. Fritidsklubben er eit uformelt tilbod som er på ungdomane sine premiss.
Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil variere etter funksjonen du vikarierer i.

Me tilbyr faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
gode pensjons- og forsikringsordningar 
løn etter tariff 
startløn etter 6 år ansiennitet ved fagbrev / høgskule
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI Kvalifikasjonar relevant utdanning / erfaring innan området 
Personlege eigenskapar Du må vere ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig at vi er tilstades for born og ungdom, men også har evne til å samarbeide med kollegaer.
Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  
Løns- og tilsetjingsvilkår Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Ved tilsetjing må det leggast fram politiattest.
Generell informasjon om søknadsprosessen  Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Om arbeidsgiveren:
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 900 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes kino, basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

AURLAND SKULEFRITIDSORDNING

—

NO0A2来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准