岗位大厅/Other/Off. godkjent sjukepleiar med teamleiarfunksjon 

VARTDAL HELSETUN · 16天前 · 来源 公开招聘平台

Off. godkjent sjukepleiar med teamleiarfunksjon 

NO0A3办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Ved Vartdal helsetun er det ledig sjukpleiestilling med teamleiarfunksjon frå 01.12.2026.   
Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar og 4 trygdebustadar. Dei administrerer også heimebaserte tenester i Vartdal regionen. Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag og du får dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.

Arbeidsoppgåver pleie og helsefagleg oppfølging med vekt på kvalitet, meistring og heilskapleg omsorg.
bruke fagkunnskap, kliniske vurderingar og velferdsteknologi for å skape trygge og gode tenester. 
samarbeid med pårørande og kollegaer på tvers av tenester og fagområder.
dokumentere og følgje opp helsehjelp i fagsystem og bidra til kvalitet og kontinuitet i tenestene
Til denne stillinga er det knytt ein teamleiarfunksjon. Dette betyr at du vil få eit særleg ansvar for:
koordinering og oppfølging av det dagleg arbeidet og oppgåver som legemiddelhandtering, ernæring og pasienttryggleik
gjennom rettleiing av medarbeidarar, studentar og lærlingar styrke det faglege arbeidet kring brukarane
følgje opp systematisk kvalitetsarbeid og utarbeiding av rutinar og prosedyrer
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Kvalifikasjonar Off. godkjent sjukepleiar
Relevant arbeidserfaring
Du må ha gode digitale ferdigheiter og kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar som ein naturleg del av arbeidet.
Du må god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen sitt skriftspråk er nynorsk.
Førarkort klasse B
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting 
Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: 
er fagleg engasjert og ønskjer å lære og utvikle deg saman med kollegaene dine
har interesse for arbeid med eldre og ønskjer å bidra til gode dagar for brukarane våre
trivst med ein variert arbeidskvardag og endringar i arbeidsoppgåver og behov
tek ansvar og arbeider strukturert og sjølvstendig
samarbeider godt og kommuniserer tydeleg med andre
er løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr Som sjukepleiar hos oss får du arbeide tett på menneske og bidra til gode og trygge helse - og omsorgstenester. Du får faglege utfordringar, kollegaer som bryr seg om kvarandre og ein arbeidsplass der vi jobbar aktivt for å finne dei gode løysingane. 
Vi satsar på:
eit fagmiljø oppteken av kvalitet og utvikling og der du får vere med å påverke tenesta
fag - og kompetanseutvikling gjennom e-læring, kurs og internundervisning
årsturnus og langvakter
eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og med kort veg mellom medarbeidarar og leiar
Gode forsikrings og pensjonsvilkår:Ørsta kommune har gode f orsikringsordninga r  i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon . Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.

Arbeidsvilkår : 100 % dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanningStillingskode 7174 sjukepleiar  
Løn: etter avtale
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. 
Prøvetid Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP. Intern søkjar Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14. Dokumentasjon  Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar. Om offentleg søkjarliste   I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. 
KontaktinformasjonSara Vartdal Vinjevoll, Avd.leiar Vartdal helsetun, 900 35 366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no
Ingunn Gjengedal, kommunalsjef Helse omsorg og velferd, 92436245, ingunn.gjengedal@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
6170 Vartdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5191451459
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026

Om arbeidsgiveren:
Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

VARTDAL HELSETUN

—

NO0A3来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准