岗位大厅/Other/Vi søker salgskonsulent for merkevaren Nordisk webbyrå

VELLE & SJØLI AS · 22天前 · 来源 公开招聘平台

Vi søker salgskonsulent for merkevaren Nordisk webbyrå

NO0A3办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

🎯

必备技能

Flink

免费注册后解锁"你的匹配分 vs 高分画像"与个人技能缺口。

💼

职位描述

Vil du utvikle deg innan sal og vere med på å skape vekst? Nordisk Webbyrå søkjer engasjerte salskonsulentar som vil byggje nye kunderelasjonar og skape vekst.

Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som er svolten på å lære, ønskjer å utvikle deg innan sal og ikkje er redd for ei utfordring. Du trivst med å ta kontakt med nye menneske, byggje relasjonar og jobbe målretta for å skape resultat.

Vi trur du vil passe godt hos oss dersom du:

Tek initiativ og tør å løfte telefonen for å starte ein samtale.

Er nysgjerrig på kundane og flink til å lytte til behova deira.

Jobbar sjølvstendig og strukturert, og følgjer opp det du har lova.

Taklar eit nei og held motivasjonen oppe.

Er open for tilbakemeldingar og ønskjer å bli betre.

Vil bidra til eit godt samarbeid og vekse saman med Nordisk Webbyrå.

Erfaring frå sal eller kundeservice er ein fordel, men motivasjon, lærevilje og ei positiv innstilling er minst like viktig.

Arbeidsoppgaver
Som salskonsulent i Nordisk Webbyrå får du ansvar for å oppsøkje nye kundar, byggje relasjonar og følgje opp salsprosessen frå første kontakt til inngått avtale.

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere å:

Kontakte potensielle bedriftskundar via telefon og e-post.

Kartleggje kundane sine behov for nettsider og digital synlegheit.

Booke og gjennomføre kundemøte, digitalt eller fysisk.

Presentere tenestene våre og vise korleis dei kan skape verdi for kunden.

Utarbeide og følgje opp tilbod i samarbeid med resten av teamet.

Halde oversikt over kundeaktivitetar og følgje opp aktuelle salsmoglegheiter.

Sikre ei god overlevering til teamet som skal gjennomføre prosjektet.

Vi tilbyr
Hos Nordisk Webbyrå får du høve til å utvikle deg innan sal og kunderelasjonar. Du blir ein del av eit mindre byrå der innsatsen din blir synleg, og der du kan vere med på å påverke den vidare utviklinga.

Vi tilbyr:

Opplæring i tenestene våre og korleis du formidlar verdien av dei til kundane.

Tett oppfølging og støtte i salsarbeidet.

Varierte arbeidsdagar med kontakt med bedrifter i ulike bransjar.

Moglegheit til å ta ansvar og utvikle deg i takt med byrået.

Eit miljø der initiativ, engasjement og nye idear blir verdsette.

Om arbeidsgiveren:
Nordisk Webbyrå er eit lokalt webbyrå med base i Sykkylven. Vi hjelper bedrifter med å styrkje merkevara si og bli meir synlege på nett gjennom moderne, brukarvenlege nettsider. Vi kombinerer design, teknologi og tydeleg kommunikasjon for å skape løysingar som gir verdi og bidreg til fleire kundeførespurnader.

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

VELLE & SJØLI AS

—

NO0A3来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准