岗位大厅/Other/Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

HELSE FØRDE HF LÆRDAL SJUKEHUS · 17天前 · 来源 公开招聘平台

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

NO0A2办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter?  Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og samtidig få stort fagleg utbytte? 
Medisinsk sengepost ved Lærdal sjukehus har ledige 80 % fast stilling for helsefagarbeidarar/hjelpepleiara r. 
Stillinga kan ikkje delast. 
Medisinsk sengepost har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger, og driftar for tida 2 interkommunale senger. Om lag 95 % av innleggingane er augeblikkeleg hjelp, og dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar. 
Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheiter for friluftsliv året rundt. Plasseringa gjer Lærdal til eit naturleg knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset. 
Meir informasjon om Lærdal kommune finn du   her.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å kontakte einingsleiar - sjå kontaktinformasjon i annonsa.

Arbeidsoppgåver Pasientrelatert arbeid
Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal (Meona og Dips)
Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga
Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
Opplæring og rettleiing av studentar og lærlinger
Utføre arbeidsoppgåver delegert av leiar
Arbeide i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar Helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha godkjent norsk autorisasjon
Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg 
Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
Du trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
Tilgang til personalhytte på Filefjell
Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMarit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594
ArbeidsstedSjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5201923979
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2026

Om arbeidsgiveren:
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

HELSE FØRDE HF LÆRDAL SJUKEHUS

—

NO0A2来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准