Overlege Barnesjukdomar
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Vi har ledige stillingar for overlege innan barnesjukdomar med oppstart frå snarast!
Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved SNR Hjelset er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk og habiliteringsenhet for barn og ungdom i alderen 0-18år. Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved sjukehuset med en spesialistar innan pediatri, og vi søkjer derfor etter vaktkompetente spesialistar.
1 x 100% fast stilling
1 x 100% vikariat tom 30.09.27
Barn flytta inn i det nye og morderne sjuhehuset i Nordmøre og Romsdal (SNR) 02.06.25. Det nye akuttsjukehuset er plassert på Hjelset i Molde kommune. Det er Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar/år. I Kristiansund er det enkelte dagar tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.
Den som vert tilsett må rekne med fast arbeidsstad ved SNR, med moglegheit å arbeide enkelte dagar i Kristiansund. Du vil møte ein spennande arbeidsplass, med mykje aktivitet knytt til framtidsplanar og utvikling. Du vil blii inkludert i eit godt arbeidsmiljø!
Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten.Vi kan óg friste med eit rikt kulturliv!
Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver Generell pediatri i sengepost og poliklinikk med vaktarbeid på sengepost
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon og norsk spesialistgodkjenning
LIS 2/3 som nærmar seg fullført spesialisering kan også vere aktuell for stillinga
God kunnskap i norsk/nordisk språk, skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar Den rette kandidaten må ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon
Vere sjølvstendig, fleksibel og ha evne til å kunne ta ansvar
Vere motivert for fagleg utvikling
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar? Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!
KontaktinformasjonSiv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, +47 711 16581, E-post:Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5164739064
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 10.11.2026
Om arbeidsgiveren:
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准