Avdelingsleiar heimebaserte tenester ( 2. gongs utlysing)
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Vil DU vere med på laget vårt ?
Vil du vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i vakre Nissedal ?Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til våre heimebaserte tenester.
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode, trygge og framtidsretta tenester til innbyggjarane våre. Du vil leie dyktige medarbeidarar og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av tenesteområdet. Heimebaserte tenester består av heimesjukepleia, drift av korttidsavdelinga og KAD plass samt heimehjelp.
ArbeidsoppgåverFagleg, personalmessig og økonomisk ansvar for avdelingaLeie og vidareutvikle medarbeidarar og arbeidsmiljøSikre kvalitet, fagutvikling og god ressursutnyttingBidra til innovasjon og utvikling av heimebaserte tenesterSamarbeide tett med brukarar, pårørande og aktuelle samarbeidspartnararDelta i leiargruppa og bidra til heilskapleg tenesteutviklingKvalifikasjonarRelevant høgare utdanning innan helse- og sosialfagLeiarerfaring frå heimebaserte tenester er ønskjelegGod innsikt i offentleg forvaltning og gjeldande lovverkGode digitale ferdigheiterGod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskPersonlege eigenskapar Vi ser etter deg som:Er ein tydeleg og inkluderande leiarHar evne til å motivere og skape engasjementEr strukturert og handterer ein travel kvardag godtHar gode samarbeids- og kommunikasjonsevnerEr løysingsorientert og utviklingsretta
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr Ei spennande og meiningsfull leiarstillingMoglegheit til å påverke og utvikle framtidas tenesterEit godt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
Konkurransedyktig lønn
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vil du vere med og gjere ein forskjell for innbyggjarane våre? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
KontaktinformasjonHannelore Karlsen, Kommunalsjef velferd, +47 92462619
ArbeidsstadTreungvegen 398
3855 Treungen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5202898655
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Om arbeidsgiveren:
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准