岗位大厅/Other/Fagansvarleg IKT-risiko og etterleving

SPAREBANK 1 SOGN OG FJORDANE AVD FELLESADMINISTRASJON · 4天前 · 来源 公开招聘平台

Fagansvarleg IKT-risiko og etterleving

NO0A2办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

⏳ 岗位入库已 0 天

🛡 申请链接 2026-11-11 核验有效

📈 该公司近 30 天发布 2 个岗位——招聘节奏正常

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Teknologi og eksterne leverandørar er avgjerande for at banken skal levere trygge og stabile tenester til kundane våre. No ser vi etter ein fagansvarleg som vil vere med å vidareutvikle banken sitt arbeid med IKT-risiko, digital motstandskraft og etterleving av regulatoriske krav.

Dette er ei sentral fagrolle med stor påverknad på korleis banken identifiserer, vurderer og følger opp risiko knytt til teknologi og tredjepartsleverandørar. Du får vere med å omsette regulatoriske krav til praktiske arbeidsmåtar som styrker tryggleiken og robustheita i banken.

Hos oss får du kombinere fagleg fordjuping med praktisk oppfølging, i tett samarbeid med teknologi-, sikkerheits- og risikomiljøa i banken.

Kva skal du jobbe med?

Du får ein svært viktig rolle i arbeidet med å sikre god og systematisk handtering av IKT-risiko, og at vi etterlev DORA-regelverket.

Arbeidet omfattar mellom anna:

Vidareutvikling av rammeverk, metodikk og styrande dokument for IKT-risikostyring og etterleving
Gjennomføring av risikovurderingar og oppfølging av risikoreduserande tiltak
Oppfølging av tredjepartsrisiko og IKT-leverandørar
Omsetting av regulatoriske krav til praktiske rutinar, prosessar og kontrollar
Koordinering av konsekvensanalysar (BIA) og vidareutvikling av kontinuitets- og beredskapsarbeidet
Utarbeiding av faglege vurderingar og rapportering som gir leiinga oversikt over risiko, tiltak og status
Bidrag i revisjonar og tilsyn, samt rådgjeving og kompetansedeling på tvers av banken

Du blir ein synleg fagressurs som hjelper kollegaer med å forstå risiko, tolke krav og finne gode løysingar. I rolla samarbeider du tett med CISO, risikofunksjonen, system- og prosesseigarar og andre sentrale fagmiljø.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som trivst med problemstillingar som kombinerer teknologi, risiko og regulatoriske krav.

Du har erfaring med IKT-risiko, leverandørstyring, etterleving eller tilsvarande fagområde, og evnar å sjå samanhengen mellom teknologi, risiko, regelverk og forretning. Erfaring frå finans eller annan regulert verksemd er ein fordel.

Vi ser gjerne at du har:

Kjennskap til DORA og evne til å omsetje regelverk til praktisk risikostyring og oppfølging
Erfaring med oppfølging av IKT-leverandørar og tredjepartsrisiko
Erfaring med å drive tverrfaglege prosessar og forbetringsarbeid
God teknologiforståing og evne til å stille relevante spørsmål til leverandørar, utviklarar og driftsmiljø
Relevant høgare utdanning og god framstillingsevne på norsk og engelsk

Som person tek du eigarskap, jobbar strukturert og får ting gjort. Samtidig klarer du å kombinere grundigheit med pragmatiske løysingar når situasjonen krev det.

Difor skal du søke hos oss

Vi trur mykje av styrken vår ligg i kombinasjonen av sterke fagmiljø, korte avstandar og moglegheita til å jobbe tett på både avgjerdene og menneska som blir påverka av dei.

Som fast tilsett blir du medeigar i banken gjennom tildeling av eigenkapitalbevis. Du får også tilgang til banken sitt spareprogram for EK-bevis, gode pensjons- og forsikringsordningar, funksjonærlån med gunstige vilkår og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.

Arbeidsstad: Førde  Søknadsfrist:  02.12.2026

Leiar for IT og forretningsutvikling, Andrea Kristin Kvamsdal , svarar gjerne på spørsmål om stillinga.

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til dette.    
Om arbeidsgiveren:
null

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

SPAREBANK 1 SOGN OG FJORDANE AVD FELLESADMINISTRASJON

—

NO0A2来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准