岗位大厅/Other/Du veit kor viktig reinhald er – det gjer vi òg

HELSE FONNA HF ODDA SJUKEHUS · 17天前 · 来源 公开招聘平台

Du veit kor viktig reinhald er – det gjer vi òg

NO0A2办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Er du vår nye reinhaldar?
For oss betyr reinhald meir enn blanke golv – det handlar om tryggleik, trivsel og eit godt miljø for pasientar, tilsette og besøkande. Det vi gjer, har stor verdi.
Du får opplæring i smittevern, ergonomi og arbeidsmetodar, og du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med kollegaer frå ulike land.Vi jobbar tett saman, hjelper kvarandre og sørgjer for at sjukehuset er trygt og reint kvar dag. Likar du fysisk arbeid og å gjere ein viktig jobb som betyr noko for mange? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Helse Fonna HF er i ei spennande teknologisk utvikling, og har i første omgang innført digital reinhaldsplan med nettbrett som verktøy for den einskilde reinhaldar. Stillinga er fast 40%, men det kan i periodar bli behov for meirarbeid. 
👉 Klikk på søkeknappen – vi ser fram til å få deg med på laget!

Kva går jobben ut på? Dagleg og periodisk reinhald på ulike rom og område på sjukehuset.
Reinhald ved smitte og akutte behov.
Du må kunne bruke kroppen aktivt i arbeidet – det er viktig at du trivst med fysisk arbeid.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Erfaring frå reinhald og kjennskap til sjukehushygiene er ein fordel.
Kjennskap til INSTA 800 eller tilsvarande er og ein fordel, men du vil få opplæring.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Du må kunne bruke enkle dataverktøy, for eksempel til å registrere oppgåver.
Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som:

gjer deg ferdig med oppgåvene og passar på at det er reint etterpå.
likar å jobbe saman med andre, men klarer òg å jobbe aleine.
viser respekt for pasientar og kollegaer, og bryr deg om at dei har det trygt og reint.
Vi tilbyr Hos oss får du:
Eit godt arbeidsmiljø med kollegaer frå ulike land og kulturar – vi hjelper kvarandre og jobbar som eit lag.
Opplæring i korleis vi vaskar på sjukehuset, og i smittevern, ergonomi og HMS.
KontaktinformasjonBente Furrebøe, Avdelingsleiar, +47 53651097
ArbeidsstadSjukehusvegen 10
5750 Odda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5199603089
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026

Om arbeidsgiveren:
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her  www.helse-fonna.no .

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

HELSE FONNA HF ODDA SJUKEHUS

—

NO0A2来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准