Buveileder bustadkontoret
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Har du lyst til å arbeide med bustad oppfølging og saksbehandling på bustadkontoret i Klepp?
Klepp kommune søkjer deg som har lyst til å vera med å bistå innbyggjarar i kommunale bustadar med å meistra å bu i eigen bustad.
Har du stå - på vilje og lyst til å vera med å videreutvikla det bustadsosiale arbeidet i kommunen? Då kan du vera personen me søkjer etter. Som buveileder på bustadkontoret inngår du i eit tverrfagleg arbeidsmiljø, og det er 3 årsverk knytt til kontoret.
Kontoret er organisert under kommunal område helse og velferd, og i avdeling for tenestekontor. Det er samla 15 årsverk i avdelinga.
Næraste overodna er avdelingsleiar for tenestekontoret.Oppgåvene er veiledning, saksbehandling/tildeling og oppfølging av kommunale bustadar. Ein stor del av kvardagen handlar om å bygge gode relasjonar, motivere brukarar og hjelpe dei til å nå eigne mål. Arbeidet føregår både i brukars heim og på kontor. Det er tett samarbeid med eiendomsavdelinga, flyktningetenesta, Nav og dei ulike avdelingane i helse og velferd.
Visjonen for kommunen er: " med blikk for alle" og er med oss i alt arbeidet vi utfører.
Arbeidsoppgåver Oppfølging av leigetakarar i kommunale bustadar
Bistå søkjarar til kommunal bustad med å finne bustad på det private markedet
Praktisk og økonomisk veiledning, og motivere til økt sjølvstendighet og mestring
Delta i kartlegging og saksbehandling av søknader om kommunal bustad
Kvalifikasjonar Sosialfagleg/ økonomisk bakgrunn på høgskulenivå eller anna relevant høgskulenivå
Erfaring innan bustadsosialt arbeid
God økonomi forståing
Kunnskap og erfaring innan psykisk helse og rus
Gode datakunnskap
God norsk kunnskap, kommunen nyttar nynorsk som målform
Ynskjeleg med kjennskap til lov- og avtaleverk for fagområde og offentleg forvaltning
Attester og vitnemålVi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgere utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utenlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar Stødig og trygg fagperson som trives i samspel mellom medarbeidere og innbyggjarar
God på relasjonsbygging. Evne til å skape god dialog
Ha stor arbeidskapasitet og kunne arbeide strukturert
Ha evne til å motivere, skape engasjement og fremme refleksjon
Gjennomføringsevne, serviceinnstilt, fleksibel og løysningsorientert
Uredd og robust, du må tale å arbeide med motstand.
Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
For å lykkast i stillinga er det viktig å skape god dialog med innbyggjarane og ha gode kommunikative ferdigheter. Personlege eigenskapar er sentrale og vil bli lagt størst vekt ved tilsetning
Vi tilbyr Varierte arbeidsoppgåver der du vil være med å utvikle kommunen i framtida
Gode kollegaer, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
Lønn etter gjeldande avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar ( https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt )
Gratis parkering
TIlgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
Bedriftskunstforening
Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
Fleksibel arbeidstid
KontaktinformasjonJane Fossan, Avdelingsleder, +47 92859072
ArbeidsstadSolavegen 1
4351 KLEPPE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5200701803
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 12.11.2026
Om arbeidsgiveren:
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准