岗位大厅/Other/Helsefagarbeidar natt

HEIMETENESTA NORD · 18天前 · 来源 公开招聘平台

Helsefagarbeidar natt

NO0A2办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om avdelinga: Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum. Det er 25 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Det er langtid og omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning i institusjonen 
Fylgjande er ledig: 
90% vikariat for helsefag/hjelpepleiar på natt,  3. kvar helg pluss 3 hinkehelger.
Vernepleiar og sjukepleiar og studentar som er ferdig utdanna våret 2027 kan og søkje.Stillinga er ledig og ein tilset fortløpande.  Arbeidsoppgåver :
Heilheitleg pleie og omsorg 
Helsefaglege oppgåver 
Oppgåver etter kompetanse og autorisasjon 
Primærkontaktoppgåve 
Kvalifikasjonar:
Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar - gjerne erfaring frå nattarbeid i sjukeheim 
Vernepleiar
Sjukepleiar
Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me ynskjer:
Deg med glede av å arbeide i eldreomsorgen
Ein ny god kollega
Me tilbyr:
Gode vilkår for fagleg utvikling
Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Gode pensjonsordningar
Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Rekrutteringstillegg for sjukepleiar på 20-25.000kr i året 
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.  Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren:
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 1点开 ▾
可以投——没有红灯,黄灯问题放进面试清单问清即可。
plus → 加分项,不是门槛
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

HEIMETENESTA NORD

—

NO0A2来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准