岗位大厅/Internship/Trainee i kommunen - bli med og utvikle Ryfylke!

HJELMELAND KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON · 2天前 · 来源 公开招聘平台

Trainee i kommunen - bli med og utvikle Ryfylke!

NO0A1办公方式未标注
实习Internship
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

⏳ 岗位发布已 1 天

🛡 申请链接 2026-11-26 核验有效

📈 该公司近 30 天发布 1 个岗位——招聘节奏正常

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Vil du bruke kompetansen din til å utvikle ein kommune og eit heilt lokalsamfunn? Me søkjer etter ein engasjert og nysgjerrig trainee som ønskjer å få brei erfaring frå kommunal sektor og samtidig vere ein del av Trainee Ryfylke , i regi av Ryfylke IKS.
Som trainee hos oss får du høve til å bli kjend med kommunen frå fleire sider, arbeide med aktuelle og samfunnsviktige oppgåver og bygge eit breitt nettverk på tvers av fagområde og kommunar i Ryfylke.
Ei stilling – mange moglegheiter Me ønskjer å finne ein kandidat som kan bidra inn i eitt eller fleire av kommunen sine fagområde, avhengig av kommunen sine behov og kandidat sin kompetanse og interesse.
Aktuelle fagområde kan til dømes vere:
Økonomi
Beredskap og samfunnstryggleik
Helse og velferd
Plan, forvaltning og samfunnsutvikling
Bygg, eigedom og anlegg
Digitalisering og utvikling
Organisasjon og HR
Du vil få konkrete arbeidsoppgåver og ansvar, samtidig som stillinga skal gi rom for læring, utvikling og innsikt i korleis ein kommune fungerer.
Som trainee får du
eit strukturert og utviklande arbeidsforhold
relevante og meiningsfulle arbeidsoppgåver
moglegheit til å arbeide på tvers av fagområde
eigen kontaktperson/mentor
høve til å delta i prosjekt- og utviklingsarbeid
fagleg og personleg utvikling
eit stort nettverk gjennom Trainee Ryfylke
møteplassar, samlingar og faglege aktivitetar saman med andre traineear i regionen
innblikk i både kommunen og Ryfylke som region
Gjennom Trainee Ryfylke får du også høve til å bli kjend med andre verksemder og kommunar i regionen og bygge eit nettverk som kan vere verdifullt vidare i arbeidslivet.
Kven ser vi etter? Me ser etter deg som:
har minimum bachelorgrad , gjerne innan økonomi, samfunnsvitskap, helse, ingeniørfag, planlegging, administrasjon eller andre relevante fagområde
er nysgjerrig og ønskjer å lære
tek initiativ og likar å få ting til å skje
kan arbeide sjølvstendig, men også trivst med samarbeid
har interesse for samfunnsutvikling og offentleg sektor
er fleksibel og open for ulike arbeidsoppgåver
ønskjer å bruke kompetansen din til å skape gode tenester og utvikling i lokalsamfunnet
Nyutdanna eller har du nokre få år med arbeidserfaring? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Personlege eigenskapar og motivasjon vil bli lagt stor vekt på.
Det stillast krav om gode norskspråklege kunnskapar, både skriftleg og munnleg (min. B2).Det er ein fordel at du har førarkort.
Kvifor jobbe hos oss? Kommunen er ein arbeidsplass med stor breidde i oppgåver og fagområde. Hos oss får du moglegheit til å sjå korleis ulike fagområde heng saman, og korleis arbeidet i kommunen påverkar kvardagen til innbyggjarane.
Ryfylke er ein region med store moglegheiter innan næringsliv, samfunnsutvikling og offentlege tenester. Som trainee får du ikkje berre ein jobb – du får høve til å bli kjend med ein region og vere med på å utvikle han vidare
Om Trainee Ryfylke Trainee Ryfylke er eit regionalt traineeprogram i regi av Ryfylke IKS , der kommunar og verksemder i Ryfylke samarbeider om å gi unge og nyutdanna eit godt utgangspunkt for vidare karriere i regionen.
Programmet kombinerer arbeid i vertskommunen med faglege samlingar, nettverksbygging og utvikling på tvers av verksemder og kommunar.
Praktisk informasjon  
Stilling: Trainee Stillingsstorleik: 100 % Tilsettingsform: Mellombels Varigheit: Eit år Arbeidsstad: Hjelmeland kommune Oppstart:  Etter avtale Søknadsfrist:  10.01.2027
Stillinga blir lønna etter gjeldande tariffavtale.
Har du lyst til å bli trainee hos oss? Send oss ein søknad der du fortel litt om deg sjølv, kva du har studert, kva fagområde du er spesielt interessert i, og kvifor du ønskjer å bli trainee i kommunal sektor.
Me ser fram til å høyre frå deg! 
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess.  Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her .Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk  sikker opplasting på kommunens heimeside . 
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren:
Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

HJELMELAND KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

—

NO0A1来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准

✦ 让 AI 总结此岗:ChatGPT · Claude(用你自己的 AI,不耗本站额度)