岗位大厅/Other/Undervisningsstilling i Samfunnsøkonomi 1 og 2

(未知名) · 8天前 · 来源 公开招聘平台

Undervisningsstilling i Samfunnsøkonomi 1 og 2

NO0A2办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Er du ein pedagog med hjarte for at kvar enkelt kan få vere den dei er og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt? Ynskjer du å jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette? Da kan Bergen katedralskole vere staden for deg! Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulane i landet. Skulen har om lag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande:
Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfag og økonomi
IBDP - International Baccalaureate Diploma Programmme 
Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege på Vg1 
Kyrre - eit tilbod for elevar med behov for særskild tilrettelegging
Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering
Frå 04.01.2027 har Bergen katedralskole ledige vikariat i Samfunnsøkonomi 1 og 2

ArbeidsoppgåverUndervisning på dagtid i Samfunnsøkonomi 1 og 2 i til saman 56%Kvalifikasjonar Formell undervisningskompetanse innanfor samfunnsøkonomi
Pedagogisk utdanning
Gyldig politiattest
Vi søkjer deg som- har eit stort engasjement for faget og formidling- har evna til å inspirere og motivere elevane- har gode samabeidsevner og bidreg til gode relasjonar- har god munnleg og skriftleg framstillingsevneVi tilbyr Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med engasjerte elevar og tilsette
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk

KontaktinformasjonDag Haugstvedt, Avdelingsleiar, 95970235, Dag.Christer.Kaarstad.Haugstvedt@vlfk.no
ArbeidsstadKong Oscars gate 36
5017 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5206628760
Stillingsprosent: 56%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 29.11.2026

Om arbeidsgiveren:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

(未知名)

—

NO0A2来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准