Reinhaldsassistent/Reinhaldar
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Hospitaldrift Reinhald har ledig 100% fast stilling som Reinhaldsassistent/Reinhaldar frå 1. Januar 2027.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift.
Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.
Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.
Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.
Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil bestå av regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
Arbeid på ulike lokasjonar, inkludert rus- og psykiatriteneste
Arbeid i turnus med dag/kvelds/helgevakter
Kvalifikasjonar Erfaring frå reinhald, gjerne frå sjukehus eller annan helseinstitusjon
Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er av stor interesse
Det vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar
Det vil bli lagt vekt på personleg egnetheit
Må kunne kommunisere godt med brukarar, tilsette og samarbeidspartnarar
Gode IKT-kunnskapar og evne til å bruke digitale system i det daglege arbeidet
Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt og opptatt av kvalitet i arbeidet
Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, like å jobbe i team
Må kunne følge, og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
Må vere fleksibel og kunne flytte seg mellom ulike lokasjonar på kort varsel
Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø
God fysisk helse til å kunne jobbe med eit praktisk og fysisk arbeid
Vi tilbyr Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
Interne kurs- og utviklingsmoglegheiter
Bedriftsidrettslag
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvane
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø
Ein kultur der vi støttar kvandre og der vi ser ulikheiter som noko positivt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMaiken Knoph Lie Falkanger, Seksjonsleiar, 90101828
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5200594604
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 30.11.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准