岗位大厅/Other/Ledig stilling i Helse og omsorg

AUKRA KOMMUNE HEIMETENESTA ÅPEN OMSORG · 23天前 · 来源 公开招聘平台

Ledig stilling i Helse og omsorg

NO0A3办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Ønskjer du ein spennande kvardag med nye utffordringar som skal løysast i samarbeid med fagleg dyktitige medarbeidarar? Heimesjukepleia i Aukra kommune søkjer sjukepleiarar
Aukra kommune er ein liten øykommune med 3800 innbyggjarar. Kommunen ligg omlag 25 minutt frå Molde. Kommunen består både av øy og fastland, og basen til heimesjukepleia er på øya. Det tek 10 minutt med ferge for å komme til fastlandet, og ferga er gratis. Aukra kommune har nye skolar, barnehagar og omsorgssenter. Aukra Omsorgssenter sto ferdig bygd  i 2018, og bygget er nytt og tilrettelagt. Kommunen fekk nytt kulturhus i 2022, og der er det stor aktivitet. Kommunen har eit rikt kulturliv, og det er gode moglegheiter til aktiv fritid og friluftsliv.
Om stillinga
Stillinga er plassert i heimesjukepleie. Arbeidskvardagen er  variert med ulike sjukepleiarfaglege oppgåver, og med fokus på pasientsikkerheit. Institusjonstenesta og heimesjukepleie held til i Aukra Omsorgssenter, og saman driftar sjukepleiarane legevakt på ettermiddag, kveld og helg. Som tilsett sjukepleiar vil du vere med på den daglege drifta av legevakt. Vi har eit tett samarbeid med institusjonsteneste når det gjeld bruk av sjukepleiefagleg kompetanse, og vi arbeider på tvers av einingane ved behov. 
Stillinga er plassert i turnus. Vi kan legge til rette for alternative turnusordningar med langvakt til den som måtte ønskje det,så lenge drifta tillet det.
Kven søkjer vi Vi søkjer deg som er autoriset sjukepleiar. Du må vere ein sjukepleiar som likar å arbeide i team, og som ikkje er redd for å ta ansvar og finne gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må ha evne til å arbeide systematisk og sette deg inn i nye arbeidsmåtar. For å møte dei demografiske utfordringane nyttar tenesta velferdsteknologi, og omstiller tenestene ved å ta i bruk løysingar som gjer tenestene meir funksjonell og robust for framtida.Det er ein fordel om du har spesialkomeptane på eit område som til dømes velferdsteknologi, sårstell, palliasjon, diabetes, geriatri m.m. Du må ha høg gjennomføringsevne og evne til å planlegge arbeidsdagen din på ein strukturert måte.
Andre kvalifikasjonar • Minimum bachelorutdanning og autorisasjon• God kompetanse på relasjonsbygging og kommunikasjon• Du må beherske norsk, både munnleg og skriftleg• Du har god evne til å rettleie brukarar, tilsette og studentar•  Personelg eigna• Førarkort kl B
Vi tilbyr
• Eit godt arbeidsmiljø med motiverte og dyktige tilsette• Ein arbeidsplass med ambisjonar om å halde eit høgt fagleg nivå og ha kvalitet på tenestene• Ein spennande arbeidskvardag med varierte og utfordrande kliniske arbeidsoppgåver• Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
• Startløn minimum 8 års ansiennitet etter HTA
• Stabilitetstillegg
• Ei eining med fokus på nye løysingar og velferdsteknologi• Nye og fine arbeidslokaler• Gode moglegheiter for personelg utvikling• Stønad til vidare- og etterutdanning gjennom kommunen sitt utdanningsfond/kompetanseplan• Som nytilsett får du grundig opplæring og god oppfølging av kollegaer og avdelingsleiar
Aukra kommune ligg i sone 5 og kjem inn under ny ordning med sletting av studielån med opptil kr. 25.000,- pr. år i 3 år, når ein er folkeregistrert og buusett i kommunen i minimum 12 månader. 
Særskilte krav Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkjarliste Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Om du har spørsmål knytt til stilling eller turnusordningar ta kontakt med einingsleiar Nina Tomren eller avdelingsleiar Malene Lillebostad

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren:
Pleie og omsorg har nytt omsorgssenter som sto ferdig i 2018. Tenester er samlokaliserte i omsorgssenteret med lang- og korttidsplassar i sjukeheim, 20 heildøgns omsorgsbustadar og dagsentertilbod for eldre og yngre. Legevaktsatelitt, som vert drifta av sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie. Kjøkkenet i omsorgssenteret leverer heimlaga middagar til bebuarar ved sjukeheim og til heimebuande. Eining Helse ligg i nærleiken av Aukra Omsorgssenter og det er etablert eit tett samarbeid mellom fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, avdeling for i psykisk helse, institusjonstenester og heimetenester.

Eininga organiserer heimesjukepleie, praktisk bistand, teneste for psykisk helse og rus, dagsenter for eldre og yngre samt demenskoordinator, kreft- og palliasjonskoordinator og hjelpemiddelansvarleg. Basen til heimesjukepleia ligg i Aukra Omsorgssenter, som sto ferdig bygd i 2018. I omsorgssenteret har heimesjukepleia ansvar for 20 bustadar med heildøgns omsorg.

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

AUKRA KOMMUNE HEIMETENESTA ÅPEN OMSORG

—

NO0A3来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准