岗位大厅/Other/Vil du vere med og ta vare på kommunen sine bygg?

BJØRNAFJORDEN KOMMUNE TEKNISK DRIFT KOLSKOGEN · 15天前 · 来源 公开招聘平台

Vil du vere med og ta vare på kommunen sine bygg?

NO0A2办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette og vil være i sterk vekst i åra framover. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Eigedom Drift har ansvar for drift, vedlikehald og oppfølging av ein stor og variert bygningsmasse i Bjørnafjorden kommune. Dette omfattar mellom anna skular, barnehagar, rådhus, administrasjonsbygg, omsorgsbygg, utleigebustader og andre kommunale bygg. Stillinga vil vere ein viktig og fleksibel ressurs for Eigedom Drift. Medarbeidaren vil bidra på tvers av fagområde og bygg, og styrkje laget der behova til ei kvar tid er størst – til dømes ved sjukefråvær, redusert bemanning eller i periodar med ekstra mange oppgåver.
Arbeidsoppgåver
drift, vedlikehald og mindre reparasjonar i kommunale bygg og utleigebustader
betjene SD-anlegg i bygga
oppfølging av feil, manglar og driftsoppgåver meldt inn via kommunen sitt FDV system
dialog med brukarar, leigetakarar, skular, barnehagar og andre kommunale einingar
samarbeid med andre faggrupper i Eigedom Drift og eksterne leverandørar.
bidra til god dokumentasjon, orden og systematisk oppfølging av utført arbeid
delta i tverrfaglege oppgåver og bidra der behovet er størst.
Arbeidsdagen vil i stor grad gå føre seg ute på ulike kommunale bygg og bustader.

Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har:
fagbrev innan eitt eller fleire relevante fagområde, t.d: tømrar, røyrleggar, elektrikar, byggdriftar, eller anna relevant teknisk/praktisk fagutdanning
førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har:
erfaring frå drift og vedlikehald av bygg
god praktisk forståing og evne til å løyse varierte oppgåver
gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver
er praktisk anlagt og løysingsorientert
er serviceinnstilt og har god evne til å møte ulike brukarar
samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper
er fleksibel og trivst med varierte arbeidsdagar
har god orden, struktur og forståing for kvalitet i arbeidet
ha god teknisk forståing
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr
ein variert og samfunnsnyttig jobb i ein viktig kommunal teneste
arbeidsdagar med stor breidde i oppgåver og faglege utfordringar
godt fagmiljø og samarbeid med dyktige kollegaer i Eigedom Drift
moglegheit til å bidra til trygge og gode bygg for innbyggjarar, barn, unge, tilsette og leigetakarar
lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
gode pensjons- og forsikringsordningar
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren:
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

BJØRNAFJORDEN KOMMUNE TEKNISK DRIFT KOLSKOGEN

—

NO0A2来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准