岗位大厅/Other/Små lydar. Store augeblikk. Vil du bli vår nye audiograf?

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS · 19天前 · 来源 公开招聘平台

Små lydar. Store augeblikk. Vil du bli vår nye audiograf?

NO0A1办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Frå dei aller første lydane i livet til samtalane rundt middagsbordet – god høyrsel betyr mykje i kvardagen. På høyresentralen vår i Haugesund får du vere med og hjelpe både barn og vaksne til å høyre betre.
Hos oss blir du ein del av eit erfarent team med seks audiografar som jobbar med audiologisk utgreiing og rehabilitering. Vi har trivelege lokale og ein moderne høyresentral med oppdatert teknologi og medisinteknisk utstyr. Og vi er nysgjerrige på korleis vi kan bli endå betre! Avdelinga deltek i fleire innovasjons- og forskingsprosjekt innan høyrselsomsorg.
Men det er ikkje berre faget vi er opptekne av. Her møter du dyktige og rause kollegaer som deler kunnskap, hjelper kvarandre og har det kjekt saman.
Er du nyutdanna? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Vi oppmodar også deg som har tilknyting til Stord eller Ullensvang om å søke.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer!

Kva går jobben ut på? Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere å:
utføre audiometri og spesialprøvar
tilpasse høyreapparat og høyrselstekniske hjelpemiddel
gjennomføre kontroll og service av høyreapparat
utføre tinnitusutgreiing
gjennomføre høyrselsscreening av nyfødde
gi rettleiing og oppfølging innan høyrselsomsorg
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Vi ser etter deg som har:
norsk autorisasjon som audiograf
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Er du audiografstudent og ferdig med utdanninga i 2027? Då oppmodar vi deg òg til å søke!
Kva ser vi etter hos deg? Vi ønskjer oss ein kollega som:
møter pasientane med omsorg og ser mennesket bak høyrselsutfordringane
lyttar, forklarer på ein forståeleg måte og skaper tryggleik hos pasientane.
ser løysingar og tek tak når noko må gjerast
tek ansvar for eigne oppgåver og får ting gjort
likar å jobbe saman med andre og stiller opp for kollegaene sine
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du:
eit fagmiljø med seks audiografar som deler erfaringar og lærer av kvarandre
moderne teknologi og medisinteknisk utstyr
høve til å vere del av eit fagmiljø som arbeider med innovasjon og forsking innan høyrselsomsorg
tett samarbeid med andre faggrupper
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKenneth Wilfried Kross, Avdelingsleiar, kenneth.wilfried.kross@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5197368069
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026

Om arbeidsgiveren:
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her  www.helse-fonna.no .

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

—

NO0A1来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准