Miljøterapeut
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Vi søker etter ein miljøterapeut som del av miljøteamet på Herøy ungdomsskule. Saman med ungdomsLOS og ungdomscoach jobbar miljøterapeut tett på ungdom som står i fare for å falle ut, eller har falle heilt eller delvis ut av grunnskulen. Stillinga er eit vikariat som er ledig frå snarast fram til 30. juni 2027, men med moglegheit for fast tilsetting. Stillinga følgjer skuleruta med komprimert arbeidsår.
Arbeidsoppgåver motarbeide utanforskap
kartlegging og støttesamtalar med ungdommar i og utanfor skulen
kartlegging og støttesamtalar med føresette til ungdommar som står i utfordringar
foreldrerettleiing
ta del i tverrfaglege møte og samarbeid ut frå elevane sitt behov
samarbeide med foreldre og vere ei bru inn til skulen der eleven har vanskar med å møte
Kvalifikasjonar minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning, som til dømes sosialfagleg utdanning, barnevernspedagog/pedagog eller sosionom
anna relevant utdanning og eller erfaring kan verte vudert
relevant erfaring frå arbeid med barn, ungdom og deira familie
førarkort klasse B og eigen bil
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar positiv og fleksibel
god relasjonskompetanse
god på å motivere og skape engasjement
evne til å arbeide sjølvstendig
evne til å arbeide strukturert og målretta
god kjennskap til skuleverket, ulike kommunale tenester og anna hjelpeapparat
god skriftleg og munleg framstillingsevne
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og referansar
Vi tilbyr ei variert og utviklande stilling, med stor breidde i arbeidsoppgåver internt og eksternt
eit støttande kollegium med høve til læring og utvikling
IA-bedrift og ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og trivsel
gode pensjons- og forsikringsordningar
Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
KontaktinformasjonHilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule, +47 97542422
ArbeidsstadLisjebøvegen 14
6091 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5197254626
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 16.11.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 12.11.2026
Om arbeidsgiveren:
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准