岗位大厅/Other/ID 1073 Rådgjevar/fagansvarleg IKT og digitalisering

FITJAR KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON · 11天前 · 来源 公开招聘平台

ID 1073 Rådgjevar/fagansvarleg IKT og digitalisering

NO0A2办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Rådgjevar/fagansvarleg IKT og digitalisering
Fitjar kommune søkjer ein tydeleg, utviklingsorientert og samlande rådgjevar for IKT og digitalisering. Stillinga er plassert i kommunen sin sentraladministrasjon og du vil vå ei nøkkelrolle for å sikra ei framtidsretta digital utvikling i heile kommunen på tvers av kommunen sine ulike fagområde

Fitjar kommune arbeider med ei endring av si IKT organisering. Endringa består i at kommunen går inn som eigar i IKT Nordhordland. IKTN vil då stå føre mykje av dagleg drift og brukarstøtte. Samarbeidet i IKTN bygger på ein føresetnad av at kommunane er aktive eigarkommunar og at kvar kommune har ein organisasjon som mellom anna skal støtte opp under arbeid om digital tryggleik. Digitalisering og innovasjon (DI) er ei felles overbygging for koordinera innkjøpsprosessen saman med eigarkommunane. Rådgjevar/fagansvarleg for IKT og digitalisering vil vera sentral i å sikra at Fitjar kommune sine interesser vert ivareteke og at Fitjar kommune kan ta posisjon som ein aktiv bidragsytar på Fitjar kommune sine vegner. Rolla som rådgjevar/fagansvarleg innan IKT og digitalisering vil også ha ansvar for å samordna kommunen sin innsats i forhold til digitalisering og IKT. Eit sentralt tema er også å sikra at digitalisering og bruk av IKT skjer på ein måte som sikrar personvern og god generell inforasjonssikkerheit. Rolla som rådgjevar/fagansvarleg IKT vil arbeide med utvikling av gode system for internkontroll og også opp mot kommunen sin beredskapsorganisasjon.

Kommunen står i dag føre store endringar først gjennom innføring av nytt ERP system og seinhausten 2027 også nytt EPJ system. Stillinga her vil ha ei rolle for å bidra til fagavdelingane sitt arbeid for gevinstrealisering og må også verka til å sikra at gevinstrealisering skjer innanfor trygge rammer.

Rolla kombinerer strategisk utviklingsarbeid med operativ drift, samarbeid og samhandling med IKTN og med alle deler av kommunen.

Arbeidsoppgåver

Oppfølging av kommunen sitt samarbeid med IKTN og DI

Sikre stabil drift av system, nettverk og infrastruktur som ligg til kommunen sitt ansvar, mellom anna digital tilgangskontroll til kommunale bygg.

Overordna ansvar for informasjonssikkerheit og personvern, dette skjer i samarbeid med kommunen si strategiske leiing, personvernombod og IKTN sin organisasjon for IKT sikkerheit. Under dette ligg å sikra at det ligg føre eit fungerande og operativ internkontrollsystem.

Planlegging og gjennomføring av digitaliserings- og utviklingsprosjekt. Under dette rettleiing til leiarar

Rådgiving til leiarar og einingar om teknologi, systembruk og gevinstrealisering

Oppfølging av avtalar, leverandørar og innkjøp

Bidra til kompetanseheving og god digital kultur i organisasjonen

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning innan IKT, teknologi, digitalisering eller tilsvarande på fagskule eller høgskulenivå Lang og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning

Erfaring med IKT drift i offentleg sektor.

Erfaring med leiing, teamleiing eller prosjektleiing innan IKT og digitalisering.

Kunnskap om organisasjonsutvikling og samspel mellom teknologi, oppgåver, folk og struktur.

God forståing for informasjonssikkerheit, personvern og offentleg forvaltning

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

Me ser etter ein person som:

er tydeleg, strukturert og utviklingsorientert

trivst med å kombinere strategisk arbeid og operativ oppfølging

kommuniserer godt og skapar tillit

har evne til å prioritere, koordinere og gjennomføre

ønskjer å byggja ein sterk organisasjon der digital utvikling skjer på ein måte som sikrar god gevinstrealisering balansert mot krav til personvern og informasjonstryggleik

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Ei sentral rolle der du får påverke retning, prioriteringar og utvikling av kommunen sine digitale tenester

Ei sentral plassering i organisasjonen med mogleheit til å arbeida med heile breidda av kommunal drift og utvikling. Du vil arbeide tett på heile organisasjonen og bidra til ein betre kvardag for både tilsette og innbyggjarar.

Ein arbeidsplass med korte beslutningsvegar, høg grad av tillit og reell moglegheit til å få gjennomført gode idear

Varierte og meiningsfulle oppgåver som spenner frå strategisk utvikling til praktisk problemløysing

Fitjar kommune ønskjer å satse på digitalisering og ønskjer ein person som vil vere med å løfte oss vidare

Gode moglegheiter for fagleg utvikling, kurs og kompetanseheving

Løn etter avtale

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Ein arbeidsplass i vakre Fitjar, med nærleik til natur, gode oppvekstmiljø og eit inkluderande lokalsamfunn

Det er kort søknadsfrist då det er viktig å få rolla på plass så raskt som mogleg. Me vil gjennomføra intervju fortløpande i søknadsperioden. Tilsetjing vil skje snarast mogleg etter at søknadsfristen er ute.

Om arbeidsgiveren:
Om Fitjar kommune
Fitjar kommune er ein kommune med korte avstandar, høg grad av tillit og nær kontakt mellom tilsette, leiarar og innbyggjarar. Hos oss får du høve til å arbeida tett på organisasjonen og vera med på å påverka utviklinga av kommunen sine tenester.

Arbeidsstaden er Fitjar rådhus. Du vil vera kommunen sitt sentrale kontaktpunkt innan IKT og digitalisering, og gjennom samarbeidet med IKT Nordhordland vera del av eit større og kompetent fagmiljø. Dette gir ein spennande kombinasjon av sjølvstende, ansvar og fagleg støtte.

Som tilsett i Fitjar kommune blir du del av ein organisasjon som legg vekt på samarbeid, utvikling og gode tenester for innbyggjarane.

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

FITJAR KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

—

NO0A2来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准