岗位大厅/Other/Sjukepleiar og vernepleiar – faste  stillingar på natt til Psykiatrisk klinikk

HELSE BERGEN HF PSYKIATRISK DIVISJON PSYKIATRISK KLINIKK SANDVIKEN · 16天前 · 来源 公开招聘平台

Sjukepleiar og vernepleiar – faste  stillingar på natt til Psykiatrisk klinikk

NO0A2办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår! Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum.Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern.  Vi håpar du vil vere med på reisa vår! Det er ledig følgande stillingar på natt i Psykiatrisk klinikk.     *  Avdeling for stemningslidingar ,   Seksjon S6 har ledig 50-80% fast stilling på natt, pt kvar 3. helg *  Avdeling Spesialisert psykose , Seksjon S5 har ledig 80-100% fast stilling på natt, p.t kvar 3. helg med turnus på natt
Oppgi gjerne i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.

Arbeidsoppgåver Avdeling Stemningslidingar  har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. 
Seksjon S6  er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. 
Kontakt:  Jan Legreid, Tlf. 55958762
Kvalifikasjonar (overskrift) Avdeling Spesialisert Psykose, Seksjon S5 er ein lukka akuttpost med 12 behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert i Psykiatrisk klinikk, Sandviken. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod. Gjennomsnittleg liggetid er 4 veker. Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg særleg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
Seksjon S5 er ein spennande og lærerik arbeidsplass, der dei tilsette ser og oppmuntrar kvarandre. Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Her lærer du mykje om psykose, men også om deg sjølv. Dei fleste av våre tilsette har vidareutdanning innan rus og psykiatri og personalgruppa er godt samansett av både kvinner og menn i forskjellig alder, bakgrunn og kultur. Dette gjer at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø, der tilsette blir verande lenge. Alle får eit 2 dagars grunnkurs i MAP (Møte med aggresjon og valdsproblematikk), tverrfagleg undervisning og trening i MAP kvar veke og alle tilsette har 1 til 2 dagar ut av turnus for kompetanseutvikling per år, i tillegg til andre kurs/seminar ein kan melde seg på. Moglegheit for å søke 2 årig deltid SEPREP-utdanning og 1 årig vidareutdanning i psykiatri og rusarbeid.
Kontakt: Liv Mala, Tlf.  Telefon:55958706
Arbeidsoppgåver
Ansvarsvakt
Administrering av medisinar
Miljøterapeutisk arbeid:
Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient
Observere og dokumentere
Praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Erfaring frå psykiatri er ønskeleg
Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
Relevant erfaring samt personlege eigenskapar frå fagområdet
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad  
Personlege eigenskapar
Vi ønsker medarbeidarar som:
har respekt for den enkelte pasienten
er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
har gode kommunikasjonsevner
har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
ønsker og evner å motta rettleiing
Vi tilbyr
Utfordringar og læresituasjonar
Fadderordning
Kursing i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk
Inkluderande arbeidsmiljø
Fagleg og personleg utvikling/tverrfagleg internundervisning
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSjå kontaktperson , oppgitt for den enkelte avdelinga
ArbeidsstadSandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5181741853
Stillingsprosent: 100%
Fast

Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

HELSE BERGEN HF PSYKIATRISK DIVISJON PSYKIATRISK KLINIKK SANDVIKEN

—

NO0A2来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准