Helsefagarbeidar natt - Vil du vere den som skaper tryggleik når andre søv?
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) har vi ledig fast 80 % stilling på natt for helsefagabeidar.
Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkunnskapen din til å gjere ein forskjell kvar natt? Vi søkjer ein helsefagarbeidar til fast nattstilling i eit inkluderande arbeidsmiljø der fagleg kvalitet og samarbeid står sterkt. 🌟
På natt er du ein del av eit team på 7 medarbeidarar som samarbeider tett for å gi brukarane våre tryggleik, omsorg og gode tenester. Du arbeider sjølvstendig, men aldri åleine. Det er alltid ein sjukepleiar på «topp».
BUAS er ein variert arbeidsplass med 83 plassar fordelt på fem avdelingar, mellom anna demensomsorg, rehabilitering, korttidsopphald, KAD-plass og heildøgns omsorg. Du må påregne å jobbe i alle avdelingane.Kvifor velje oss? 💙 Du blir ein del av eit godt og stabilt nattevaktmiljø 💙 Du får varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar 💙 Du arbeider i ein organisasjon som set kvalitet og omsorg høgt💙 Moglegheiter for fagleg utvikling Bli med på laget vårt!
Arbeidsoppgåver Pleie- og omsorgsoppgåver ut frå brukarane sine behov og vedtak
Tilsyn, kliniske observasjonar, vurderingar, palliasjon og oppfølging gjennom natta
Bidra til tryggleik og trivsel for bebuarane
Dokumentasjon og rapportering
Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper
Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Interesse for arbeid med eldre og personar med samansette omsorgsbehov
Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
Personlege eigenskapar Er positiv og vektlegg å samarbeida godt med andre
Har eit personleg og fagleg engasjement for brukergruppe
Liker å arbeide i eit skiftande tempo og tilpassa arbeidsmåten etter det
Er motivert, serviceinnstilt og fleksibel
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
KontaktinformasjonNina Hovdenakk, Avdelingsleiar Natt, 90580264, nina.hovdenakk@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
ArbeidsstadHaugneset 16
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5192908182
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 05.11.2026
Om arbeidsgiveren:
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her !
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准