岗位大厅/Other/Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SJUKEHUSET NORDMØRE OG ROMSDAL HJELSET - SOMATIKK · 15天前 · 来源 公开招聘平台

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

NO0A3办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

🛡 岗位真实性核验

Ghost Job 检测

🛡 申请链接 核验有效

信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1

💼

职位描述

Dialyse- og nyrepoliklinikken ved SNR er ein tverrgåande seksjon med hovudavdeling ved SNR Hjelset og ein dialysesatellitt ved SNR Kristiansund. Den utlyste stillinga har hovudarbeidsstad ved Hjelset.
Dialyseeininga på Hjelset er open måndag til laurdag på dagtid, og per i dag også måndag og torsdag kveld. Opningstidene kan bli endra i takt med behov og aktivitet i seksjonen.Som sjukepleiar ved dialyseeininga er det ein fordel å vere teknisk interessert, samstundes som du ønskjer å arbeide tett på pasientane. Pasientgruppa vår har samansette og komplekse sjukdomsbilete, og det er viktig at du evnar å fange opp viktige detaljar samtidig som du ser pasienten i eit heilheitleg perspektiv.
Vi ønskjer medarbeidarar som bidreg med godt humør, engasjement og arbeidsglede overfor både pasientar og kollegaer. Arbeidsmiljøet er oversiktleg og inkluderande, og du må trivast med å arbeide både sjølvstendig og i team.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med seksjonsleiar Ragnhild Vang på telefon 450 38 801.

Arbeidsoppgåver Gjennomføring av hemodialysebehandling, inkludert handtering av dialysemaskiner og anna nødvendig medisinsk-teknisk utstyr
Opplæring og rettleiing av pasientar for å fremje eigenomsorg, meistring og livskvalitet
Utføring av praktiske og administrative oppgåver i seksjonen i tråd med gjeldande rutinar og prosedyrar
Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og kontinuerleg utvikling av tenestene
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Det er ønskjeleg med erfaring innan nyremedisin og/eller dialysebehandling
Du må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
Du har evne til å gjere sjølvstendige og gode kliniske vurderingar i møte med ei samansett og kompleks pasientgruppe
Personlege eigenskapar Du er oppsøkjande og nysgjerrig i møte med nye oppgåver og utfordringar, og tek aktivt ansvar for eiga fagleg utvikling
Du trivst med både dei akutte og dei kroniske sidene ved pasientbehandling
Du er fagleg og personleg trygg, og arbeider sjølvstendig og strukturert
Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje sterke relasjonar og nettverk på tvers av sjukehuset
Du møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, engasjement og profesjonalitet
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr Strukturert opplæring og god oppfølging i oppstarten
Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med stolte fagpersonar som deler kunnskap og erfaringar
Moglegheit til å bidra i eit viktig samfunnsoppdrag, med tett kontakt med pasientar og pårørande
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får nytte både fagleg kompetanse og personlege eigenskapar som sjukepleiar 
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her . 
KontaktinformasjonRagnhild Brandshaug Vang, Seksjonsleiar, 45038801, Ragnhild.Brandshaug.Vang@helse-mr.no
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5189060523
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026

Om arbeidsgiveren:
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå  Helse Møre og Romsdal

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →
🏢

公司 · Company

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SJUKEHUSET NORDMØRE OG ROMSDAL HJELSET - SOMATIKK

—

NO0A3来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准