Overlege/spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Volda sjukehus søkjer to dyktige spesialistar i fødselshjelp og kvinnesjukdommar. Vi ønskjer allsidige spesialistar med gode samarbeidsevner. Vi tilbyr ein aktiv og variert arbeidsdag i eit sterkt og triveleg fagmiljø.
Vi har rundt 500 fødslar i året, i låg til moderat risikogruppe. Vi har ikkje barneavdeling, men det er knytt barnelege til barselavdelinga. Anestesiseksjonen har ansvar for akuttsituasjonar med nyfødde. Innan gynekologi dekkjer vi utgreiing, behandling og operasjonar av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vi har eit tett og godt fagleg samarbeid med resten av sjukehuset lokalt, og med kvinneklinikken i Ålesund.
Vi er opptekne av fleksibilitet og ønskjer å finne gode løysingar for aktuelle kandidatar. Vi kan vurdere fleksible turnusløysingar og arbeidsplanar som gir moglegheit for samanhengande arbeidsfrie periodar, og vi er òg opne for å vurdere redusert stillingsprosent.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss for meir informasjon!
Arbeidsoppgåver Du vil få spennande faglege oppgåver knytte til føde, barsel, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost. Vi vil truleg leggje opp til ei 5- eller 6-delt vaktordning, avhengig av talet på overlegar
Du vil medverke til å utvikle fagområdet på sjukehuset
Du vil vere ein pådrivar og inspirator i arbeidet med å utvikle tilbodet vårt
Du har evne til å leie og arbeide godt i team
Du deltek i og legg til rette for spesialistutdanning for LIS
Kvalifikasjonar Du har norsk autorisasjon som lege og norsk spesialistgodkjenning i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
Søkjarar som nærmar seg fullført spesialisering kan òg bli vurderte for stillinga
Du meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk godt, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar Du er fagleg dyktig og engasjert
Du kommuniserer på ein måte som skaper tillit hjå pasientar og kollegaer
Du trivst med ein aktiv og krevjande arbeidskvardag
Du vil medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Du er fleksibel og bidreg der kompetansen din trengst
Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing.
Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Hjelp til å skaffe bustad
Godtgjersle i samband med flytting kan vurderast
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her .
KontaktinformasjonVilde Lund Osdal, Seksjonsleiar, 976 24 413, vilde.lund.osdal@helse-mr.no
ArbeidsstadKløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5187771005
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2026
Om arbeidsgiveren:
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准