Hjelteryggen skule
🛡 岗位真实性核验
Ghost Job 检测🛡 申请链接 核验有效
信号由后台自动核验生成,仅供参考;判断权在你。设计案:GHOST-JOB-P1
职位描述
Om avdelinga: Hjelteryggen skule er ein barneskule med om lag 180 elevar på 1.-7.trinn. Skulen ligg idyllisk til på austsida av Sotra, like etter Sotrabrua.
Hjelteryggen skule har ei spesialavdeling for born som treng eit særleg tilrettelagt undervisningstilbod. Avdelinga gir eit heildagstilbod til born med ulike funksjonshemmingar.
Vi har no ei 70% fast stilling som skulesekretær ved Hjelteryggen skule. Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt medarbeidar som vil vera ein viktig del av den administrative kvardagen på skulen.
Arbeidsoppgåver: Ta imot og følgja opp førespurnad frå elevar, føresette og samarbeidspartnarar
Være støttespelar for skuleleiinga
Samarbeida tett med administrasjonen på skulen
Ha ansvar for arkivarbeid og personvern (GDPR)
Oppdatere og følgje opp skuleadministrative system
Utføre saksbehandling knytt til skule og SFO
Arbeide med rekneskap og anna økonomiadministrativt arbeid
Utføre anna forfallande sekretærarbeid
Kvalifikasjonar: Må ha: fagbrev i kontorfaget eller bachelor i administrative fag (lang og relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning)
god systemforståing og digital kompetanse
god kjennskap til MS Office (Word, Excel, Outlook og Powerpoint)
gode norskkunnskapar og god formidlingsevne, munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med: erfaring frå saksarkivsystem, gjerne Websak
erfaring med Vigilo, skuleadministrativt program
erfaring med Visma Enterprise-modular som personalmelding, fråvær og liknande
erfaring med skyss elev
Personlege eigenskapar: er positiv og serviceinnstilt, med godt humør
arbeidar strukturert, er ansvarsbevisst og løysingsorientert
har gode samarbeidsevner
kan arbeide sjølvstendig og finne gode løysingar i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
er nytenkjande og kreativ i utviklinga av den administrative avdelinga på skulen (digitalisering er ei viktig satsing ved skulen og i kommunen)
har forståing for omdømmebygging og heilskapleg tenking
meistrar digitale system og verktøy
kommuniserer godt med elevar, føresette kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
Anna: Arbeidsåret er 41 veker, og løna vert difor redusert med 7,7%. Det kan vera mogleg å auka stillinga gjennom vikararbeid på SFO og/eller i skulen.
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar.
Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt: Siri Håland
Rektor
siri.haland@oygarden.kommune.no
Telefon: 55097904/92857144
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren:
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
公司 · Company
—
⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准