岗位大厅/Other/Vil du ha ein jobb som betyr noko? Bli med på laget vårt på Vossestrand!

VOSSESTRAND OMSORGSTUN · 7天前 · 来源 公开招聘平台

Vil du ha ein jobb som betyr noko? Bli med på laget vårt på Vossestrand!

{"NO": ["NO0A2"]}办公方式未标注
全职Other
薪资未披露

职位描述

Vil du ha ein meiningsfull jobb der ingen dagar er heilt like?Tilsetjing vil vera fortløpande i perioden
Vossestrand Omsorgstun treng fleire på laget! Me ser etter engasjerte vikarar som ønskjer å jobba kveldar og helgar, og som vil bidra til å skapa gode dagar for dei som bur hos oss. Enten du er student, elev, helsefagarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar eller berre nysgjerrig på arbeid innan helse og omsorg, vil me gjerne høyra frå deg.Hos oss får du:

Verdifull erfaring og ny kunnskap

Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø

Dyktige kollegaer som støttar og lærer bort

Moglegheit til å utvikla deg innan helsefag

Me er stolte av verdiane våre og ser etter deg som er profesjonell, påliteleg og skapande. Du treng ikkje kunna alt frå før, men du må vera positiv, lærevillig og ha lyst til å jobba med menneske.

Om arbeidsplassenVossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, om lag 20 minutt frå Voss sentrum. Her møter du eit inkluderande arbeidsmiljø, fagleg engasjerte kollegaer og bebuarar som fortener den beste omsorga.
Omsorgstunet har:

16 langtidsplassar i institusjon

9 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning

Arbeidsoppgåver

Heilskapleg pleie og omsorg for bebuarane våre

Bidra til tryggleik, aktivitet og livskvalitet i kvardagen

Samarbeid med kollegaer og pårørande

Turnusarbeid med kveld- og helgevakter

Klar for ein jobb som betyr noko? Søk då vel! Me gler oss til å bli kjent med deg.Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.

Verdiane våre er:
Profesjonell
Påliteleg
Skapande
Inkluderande

🈯 翻译这份 JD · 红灯 0 / 黄灯 0 / 绿灯 0点开 ▾
没扫到常见信号词。这份 JD 直白得不常见——面试里照常确认节奏、汇报线和薪酬范围就好。
没扫到常见信号词——这份 JD 直白得不常见。照常确认节奏、汇报线和薪酬范围。
词典只标"常见信号",不对公司下结论——红灯 = 面试里该当面确认的问题。想自己翻别的 JD:JD 翻译器 →

公司 · Company

VOSSESTRAND OMSORGSTUN

{"NO": ["NO0A2"]}来源:公开招聘平台

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准

✦ 让 AI 总结此岗:ChatGPT · Claude(用你自己的 AI,不耗本站额度)