Tenesteleiar plan og forvaltning
职位描述

Vil du vere med og forme framtidas Sogndal?

Korleis skal Sogndal utvikle seg som bu-, arbeids- og regionsenter? Korleis legg me til rette for attraktive lokalsamfunn, berekraftig vekst og næringsutvikling, samtidig som me tek vare på klima og natur?

Som tenesteleiar for plan og forvaltning får du ei sentral rolle i dette arbeidet. Du får ansvar for eit breitt fagområde, leie og utvikle dyktige medarbeidarar og påverke avgjerder som vil setje spor i lokalsamfunnet i mange år framover.

Me ser etter ein leiar som kombinerer fagleg tryggleik med evne til å skape retning, samarbeid og resultat. Du ser samanhengen mellom gode planar, effektiv forvaltning og framtidig verdiskaping, og motiverast av å finne gode løysingar i skjeringspunktet mellom fag, politikk og samfunnsutvikling.

Du rapporterer til kommunalsjef for plan og samfunn og blir ein viktig del av leiarteamet som skal utvikle morgondagens Sogndal.

Eit breitt samfunnsoppdragEininga for plan og forvaltning har ei sentral rolle i samfunnsutviklinga i Sogndal kommune. Gjennom planlegging, myndigheitsutøving og faglege råd legg me grunnlaget for korleis kommunen skal vekse og utvikle seg.

Tenesta har ansvar for mellom anna:

Arealplanlegging og kommunale og private reguleringsplanar

Dispensasjonar og byggesaker

Landbruksforvaltning og andre forvaltningsoppgåver

Oppfølging av kart, geodata, matrikkel og oppmåling i samarbeid med Luster kommune

Skogsforvaltning i samarbeid med Vik kommune

Det komande året skal tenesta også etablere eit kommunesamarbeid om miljø og ureining.

Me skal vidareutvikle eit sterkt og utviklingsorientert fagmiljø der høg fagleg kvalitet og effektiv sakshandsaming går hand i hand med god dialog, samarbeid og evne til å finne løysingar.

Dette blir dei viktigaste oppgåvene dineSom tenesteleiar får du eit heilskapleg ansvar for fag, personale, økonomi og resultat. Du skal leie og utvikle tenesta i tråd med kommunen sine mål og strategiar.

Du skal mellom anna:

Vere ei fagleg og strategisk drivkraft for areal- og samfunnsutvikling

Sikre høg kvalitet, god framdrift og føreseieleg sakshandsaming, med oversikt over innhald, fordeling og progresjon i dei ulike oppgåveporteføljene

Byggje god dialog med innbyggjarar, næringsliv, utbyggjarar og offentlege aktørar

Vere eit bindeledd mellom sakshandsamarar, administrativ og politisk leiing, utbyggjarar og regionale styresmakter

Utvikle medarbeidarane og byggje eit sterkt, attraktivt og kompetent fagmiljø

Vidareutvikle ein kultur prega av tillit, ansvar, samarbeid og kontinuerleg forbetring

Styrkje det tverrfaglege samarbeidet og bidra til gode, heilskaplege løysingar

Bidra aktivt i strategisk utviklingsarbeid og i leiarteamet i sektoren

Kven ser me etter?Me ser etter ein tydeleg og utviklingsorientert leiar som skaper engasjement, gir retning og har god gjennomføringsevne.

Du ser heilskapen i samfunnsutviklinga og forstår samspelet mellom politiske mål, faglege vurderingar, lovverk og behova til innbyggjarar og næringsliv. Du er trygg i leiarrolla og har den faglege og administrative kompetansen som trengst for å handtere komplekse oppgåver og sikre at kommunen følgjer gjeldande lovverk og politiske vedtak.

Me ønskjer at du:

Leier gjennom tillit og tydelege rammer, og gir medarbeidarane ansvar og rom for utvikling

Er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne

Arbeider strukturert og systematisk, også når arbeidsprosessane er komplekse og arbeidsmengda tidvis er høg

Har god rolleforståing og trivst i skjeringspunktet mellom politikk, administrasjon og samfunn

Kommuniserer godt og byggjer gode relasjonar, både internt og eksternt

Ser verdien av tverrfagleg samarbeid og kan samle ulike fagmiljø rundt felles mål

Har god kjennskap til offentleg sektor og politiske prosessar

Evnar å støtte og utvikle medarbeidarar i eit tverrfagleg fagmiljø

Personlege eigenskapar og motivasjonen din for samfunnsoppdraget vil bli tillagt stor vekt.

KvalifikasjonarFor å lukkast i stillinga meiner me at du må ha:

Relevant høgare utdanning, helst innan arealplanlegging, byggesak, jus eller ingeniørfag. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet

God kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og regelverk, særleg forvaltningslova og plan- og bygningslova

Erfaring med planprosessar og sakshandsaming, og kompetanse til å handsame klagesaker etter forvaltningslova og plan- og bygningslova

Leiarerfaring og erfaring med å leie fagleg utviklings- og endringsarbeid

God rolle- og systemforståing, og forståing for samspelet og skiljet mellom administrasjon, fag, juss og politikk

God organisasjons- og økonomiforståing, og evne til å ta i bruk teknologi og digitalisering i utviklinga av tenestene

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Dette får du hjå ossHjå oss får du ei sentral leiarstilling der du kan påverke utviklinga av både tenesta og Sogndal kommune.

Me tilbyr:

Ei leiarstilling med stor grad av ansvar og påverknad

Høve til å forme og vidareutvikle eit sterkt fagmiljø

Dyktige og engasjerte medarbeidarar

Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med høge ambisjonar

Ein organisasjon som satsar på tillitsbasert leiing og utvikling

Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar

Fleksibel arbeidstid

Kvifor Sogndal?Sogndal er regionsenteret i Sogn, med sterke kompetansemiljø, utdanning, næringsliv, offentlege arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.

Kommunen er i utvikling, med ambisjonar om berekraftig vekst og sterk regional utvikling. Me er store nok til å by på fagleg mangfald og utviklingsmoglegheiter, men små nok til å ha oversikt, tryggleik og nærleik til det meste.

Her får du kombinere ei spanande leiarstilling med eit liv tett på naturen, med fjord, fjell og frisk luft rett utanfor kontordøra.

Du blir ein del av ein kommune med om lag 1300 medarbeidarar som kvar dag arbeider for å fornye, forbetre og forenkle tenestene våre, til beste for både innbyggjarar og tilsette.

Vil du bruke kompetansen din til å utvikle både menneske, fagmiljø og lokalsamfunn? Då håpar me du søkjer!

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsettingar vert gjorde med ei prøvetid på 6 månader.

Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Søknadar må leverast innan fristen og sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
公司 · Company

⚑ 岗位信息收录自公开招聘页(公开招聘平台),以雇主官网为准